Sikra seg kontrakt på sju år

Publisert: 09.07.2018
Island Offshore har blitt tildelt ei kontrakt på sju års varigheit for subsea support- og konstruksjonsfartøyet Island Pride, melder reiarlaget i eit presseskriv.

Det er selskapet Ocean Infinity som sikrar seg fartøyet til bruk som base og støttefartøy i innhenting og analyser av data frå autonome undervassfarkostar, i tilknyting til ei rekkje ulike operasjonar og formål globalt.

– Denne kontrakta er ei stadfesting av tiltrua dei har til fartøyet, til mannskapet vårt og den langsiktige stabiliteten til rederiet. Vi ser fram til å fylgje Ocean Infinity på vegen mot stadig nye teknologiske grensesprengingar, og synes det er svært gjevt at dei har valt oss til å hjelpe dei å nå desse måla, seier Island-sjef Håvard Ulstein.

Ocean Infinity er eit relativt nystarta selskap, skipa i 2017, men er allereie i fremste rekkje når det gjeld avansert datainnhenting under havflata, heiter det i presseskrivet.
Med si nyskapande og kosteffektive tilnærming til subseadata, er dei aktuelle leverandørar til alle som har behov for å lære meir om havet, og miljøet på havbotnen, enten dei er militære, myndigheiter eller kommersielle aktørar.

Island Pride er 103 meter i lengde, har ei breidde på 21 meter og eit fritt dekksareal på 880m2. Fartøyet er også utstyrt med ei djupvasskran og to arbeids-ROVar (fjernstyrte undervassfarkostar), og er ideell for Ocean Infinity sine operasjonar.

Administrerande direktør i Ocean Infinity seier:
– Vi er veldig fornøgde med å ha sikra oss dette charteret med Island Offshore. Gitt vår suksess i marknaden, og vårt klare mål om framtidig vekst, følte vi at det var viktig å gå inn i langvarig partnerskap. Island Offshore har vist seg å vere eit framifrå rederi å arbeide saman med og vi ser fram til eit langt og fruktbart samarbeid no som selskapet held fram med sin hurtige vekst.

Kontrakter for 500 millionar
Island Offshore har siste månaden også tatt levering av og sikra arbeid for Island Diligence. Båten skal utføre walk-to-work arbeid for ein ikkje navngitt kunde frå 1.august, og i seks veker framover, pluss opsjon på seks veker til. I tillegg har Equinor sikra seg Island Victory neste år for ankerhandtering og installasjonsarbeid på Njordfeltet. Island Victory er for tida under bygging i Braila, og skal slepast til Vard Brevik for ferdigstilling i haust. Levering på forsommaren neste år.
 
Kontraktene har ein samla verdi på over 500 millionar kroner.

Island Pride vart levert frå Vard Brevik i april 2014. Design er av type UT 737 CD.
 

Kurt Vadset

Relaterte artikler