Nyheter
Simek-ordre til Rolls-Royce
Publisert: 06.09.2011
Kontrakta har ein verdi på om lag 60 millionar kroner, og båten skal byggast ved Simek AS i Flekkefjord. Dette er det tjuetredje fartøyet av Rolls-Royce design som vert bygd ved Simek, og forventa levering er sommaren 2012.
– Vi er naturleg nok glade for denne ordren, og spesielt kjekt er det å gjere forretningar med Simek igjen. Lange og gode relasjonar med dette verftet samt eit godt og velprøvd design, dannar grunnlaget for nok ein kontrakt, seier Magne Hjelle, salgsansvarleg i Rolls-Royce.
I tillegg til design skal det også leverast ein integrert utstyrspakke frå Rolls-Royce. Denne omfattar blant anna, hovedmotorar, framdrift, power elecric system, automasjon og kontrollsystem, bulkhandteringsutstyr samt dekksmaskineri.
Om lag 170 fartøy av typen UT 755 er for tida under bygging eller i operasjon verda over. Dette designet er blitt svært populært fordi den har gode sjøeigenskapar, lavt bunkersforbruk, lite støy og vibrasjonar, god forsyningskapasitet samt at fartøya kan nyttast til ei rekkje oppgåver.
Relaterte artikler
-
Rolls-Royce utvikler nytt forskningsfartøy
09.05.2016 -
Stor kontrakt til Rolls-Royce
11.09.2014 -
Ny designkontrakt til Rolls-Royce
06.06.2014 -
Rolls-Royce kontrakt til 220 millioner
29.03.2012 -
Ny kontrakt til Rolls-Royce
18.08.2011