Siste av 12 PSV med Ulstein-design frå Kina

Publisert: 06.11.2014
seaswift-061114.jpg
Sea Swift




  23. oktober fekk reiarlaget Deep Sea Supply PL overlevert sitt 12. plattformforysningsfartøy frå det kinesiske verftet Zhejiang. Sea Swift og søsterskipa har design PX105 frå Ulstein.

Ulstein har i tillegg til design har levert ei omfattande system- og utstyrspakke og byggeoppfølging på verftet. Reiarlaget markerte overtakinga av skipa på ein samankomst i Singapore onsdag denne veka.

Kontrakten på desse skipa utgjer ein samla kontraktsverdi for Ulstein på i overkant av 500 millionar kroner. Om lag 70 prosent av dette er verdiskaping for den norske maritime klynga.

Zhejiang-verftet, ein del av Sinopacific-gruppa, har levert alle Deep Sea Supply-fartøya i løpet av 2013 og 2014. Dei tolv fartøya er designa for operasjonar over heile verda, og fleire av dei arbeider i dei barske forholda i Nordsjøen.

– Vi er svært nøgde med skipa, og det er kundane våre også, seier Finn Amund Norbye, som er konsernsjef i Deep Sea Supply.

– Ulstein deltok i bygginga av skipa og var mellom anna ansvarlege for dei elektriske installasjonane. Kommunikasjonen og kvaliteten på arbeidet har vore godt i prosjektet. Vi har overtatt tolv store, førsteklasses plattform forsyningsfartøy i løpet av om lag 18 månader, og det er svært tilfredsstillande, seier Norbye.

– Zhejiang-verftet har mykje erfaring i å byggje fartøy som vi har designa, seier prosjektsjef Johannes Røren i Ulstein Design & Solutions.

– Gjennom heile byggeperioden til skipa har vi hatt eit eige oppfølgingsteam på verftet, og det har vore jamn framdrift og god dialog mellom partane gjennom heile perioden, seier Røren.

Deep Sea Supply-skipa er 88,9 meter lange og 19 meter breie. Skipa har dieselelektrisk framdrift og kan halde ei fart på 15,5 knop. Lastedekksarealet er i overkant av 1.000 kvadratmeter og fartøya har ei dødvekt på 4700 tonn. Skipa har den bakoverlente patenterte skroglinjeforma X-Bow, som eliminerer slag frå møtande sjø, aukar komfort og sikkerheit og reduserer drivstofforbruket. Fartøya er designa slik at dei stettar krava i anten Clean- eller Clean Design-standarden.

Ulstein sine utstyrsleveransar inkluderer dieselelektrisk framdrift og motorar, medan ​​systemleveransane femner om kraftdistribusjon og framdrift, automasjonssystem, internkommunikasjon og underhaldning, navigasjon og radio. Fartøya er av dei første der Ulstein har levert tavler bygde ved sitt eige selskap i Ningbo.

Etter leveringa av Sea Swift har Deep Sea Supply 40 skip i flåten: 15 ankerhandteringsskip og 25 plattformforsyningsskip.

Kim

Relaterte artikler