Nyheter
Sjøsetting i Spania
WesternGeco sitt første av seks fartøy med Ulstein X-Bow vart sjøsett frå Barreras-verftet i Vigo, Spania tysdag 3. juni. Barreras-verftet skal bygge fire fartøy av Ulstein SX124-designen frå Ulstein Design.
Dette er det første av 12 fartøy med Ulstein X-Bow som er under bygging ved utanlandske verft i Kina, Spania og Dubai. WesternGeco har også to fartøy av same designen under bygging ved Drydocks World i Dubai.
- Eg har fått fortalt frå reiarlaget at det var ei vellukka sjøsetting der skipet gjekk fint i sjøen frå beddingen, fortel prosjektleiar for Ulstein Design Mikal Marø Warholm, som om kort tid kan sjå fram til at skip nummerto vert sjøsett.
Warholm fortel at Ulstein Design hadde ein relativt tøff start på prosjektet med kort tid til utarbeiding av engineeringsunderlag. Kort tid etter byggingsoppstart vart også reiarlaget Eastern Echo kjøpt opp, og det vart mange nye folk å forhalde seg til.
- WesternGeco er eit profesjonelt reiarlag som er verdsleiande innan seismikk, og dei har tilpassa skipa etter sine erfaringar. Det har difor kome ei rekkje endringsordrar på desse skipa. Men verftet har gjort ein god jobb, og dei har meldt tilbake at skip med Ulstein X-Bow er lettbygde skip, fortel Warholm.
Warholm er prosjektleiar for dei fire fartøya av typen ULSTEIN SX124 i Spania og dei to av same design i Dubai. Ulstein Design har selt over 60 design sidan etableringa i 2002.
Relaterte artikler
-
Først ute med Ulstein X-Bow ekspedisjonsskip
19.05.2017 -
Seatankers fikk sitt tredje Ulstein-skip
20.08.2013 -
Ulstein-design til Korea
12.02.2013 -
Polarcus bygger to seismikkskip ved Ulstein
19.11.2010 -
Seks nye til Ulstein
25.08.2008