Nyheter
Slår saman engineeringsressursar
Publisert: 15.04.2011
Medarbeidarane ved West Maritime i Fosnavåg blir ein del av forretningsområdet Design & Solutions i Ulstein. Dette er ein del av ei strategisk satsing på å styrke engineeringsområdet.
– Engineering er ei viktig satsing for Design & Solutions, av di det bitt saman det vi gjer innan design med det vi gjer i høve til å levere og integrere utstyrspakkar, seier Tore Ulstein, som er øvste ansvarlege for forretningsområdet.
West Maritime i Fosnavåg arbeider med engineering, det vil seie detaljteikning av skip, og Ulstein kjøper no konsulentverksemda i selskapet. Richard Schofield er ansvarleg for Engineering innan Design & Solutions, og han kommenterer oppkjøpet av engineeringskompetansen i West Maritime slik: – Vi arbeider for å verte eitt av dei mest konkurransedyktige maritime engineeringsmiljøa i verda. Dei tilsette i West Maritime har kunnskapar og innsikt, og kjem til å bidra til å auke innsatsen på dei kontraktane vi allereie har, i tillegg til framtidige kontraktar.
Direktør for Solutions, Roar Stenersen fortel at selskapet tidlegare har hatt eit lengre samarbeid med West Maritime:
– West Maritime er eit lite engineeringsselskap , som vi har jobba tett med. Dei var tidlegare innleigde i ein periode for Ulstein Design & Solutions på eksterne engineeringsprosjekt. Dei jobba då tett saman med oss, og kjenner produkta våre og strukturen vår.
– West Maritime har noko å tilby Ulstein fortel styreleiar i West Maritime, Svein Frode Eggesbø. – Vi har variert erfaring i å jobbe mot reiarar, verft og konsulentselskap i distriktet. Eg har tru på den organisasjonen som er i ferd med å bli bygd opp i Ulstein. Partane er veldig samkøyrde i tankegangen, og trekk i same retning, Vi har same forståing for koleis ein skal satse framover.
Engineering er viktig i Ulstein. I tillegg til engineeringsmiljøet i Design og Solutions har Ulstein ei stor engineeringsavdeling som er knytt til skipsbyggingsområdet i konsernet samt ei avdeling innan Power & Control.
Relaterte artikler
-
Fugro vel Ulstein for redesign og ombygging
26.09.2023 -
Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein
06.07.2023 -
Ny kontrakt til Maritime Montering
24.02.2023 -
Salg av STX Florø fullført
02.01.2013 -
Westcon kjøper STX Florø
07.12.2012 -
West Contractors blir til Westcon Yard
18.03.2011 -
Fiskerstrand BLRT har kjøpt Multi Maritime
09.12.2010