Nyheter
Solid resultat for Myklebust Verft
Publisert: 22.04.2020
I dokka Hurtigruteskipet Fridtjov Nansen - Ved kaier, frå venstre: Fabrikktrålaren Holmøy, brønnintervensjonsfartøyet AKOFS Seafarer og ankerhandteringsfartøyet Mærsk Maker. Foto: Myklebust verft.
For første gong sidan 2014 kan Myklebust Verft sjå tilbake på eit år med lønsemd. 2019 enda med eit solid driftsresultat på 32,3 millionar kroner, noko som gjev ein historisk høg driftsmargin på 8,5 prosent. Eit godt resultat kjem naturlig nok godt med i jobben med å gjenoppbygge soliditeten i selskapet, noko som ikkje minst er viktig i arbeidet med å sikre nye kontraktar, skriv verftet i en pressemelding.
Det gode resultatet kjem frå gjennomføringa av 38 prosjekt innan fiskeri, offshore og andre arbeidsbåtar. Det blei dokka 25 fartøy og dokkutnyttinga var rekordhøg med 302 dokkingsdøgn. Alle kundar og prosjekt gav sine respektive bidrag til resultatet.
– Kundelojaliteten for 2019 blei på heile 86 prosent og dette er eitt av våre viktigaste mål i den daglege drifta på verftet. Lykkast vi med å gjere godt arbeid så er det enklare for kunden å velje oss ved seinare høve. AKOFS Offshore, Island Offshore og Sanco Shipping var dei klart største kundane ved verftet i 2019 målt i talet på fartøy eller omsetjing. I tillegg til stor innsats frå våre eigne tilsette, har vi også ei rekkje leverandørar som gjennom sine daglege leveransar til våre prosjekt har gjort sine viktige bidrag til eit godt 2019-resultat. Av større kontraktar i 2019 var sjølvsagt ombyggingsoppdraget på AKOFS Seafarer og kontrakten på ny brønnbåt til Sølvtrans, inngått høvesvis februar og juni, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide.
Myklebust Verft Invest AS
Konsernet samla hadde i 2019 driftsinntekter på 379 millionar kroner. Konsernrekneskapen enda for 2019 med eit overskot på 25,9 millionar kroner før skatt. Det gode konsernresultatet i 2018 skuldast i hovudsak balansemessige endringar knytt til Hurtigruten sitt oppkjøp av fire Kleven-selskap frå konsernet. - Det positive resultatet styrkar våre finansielle musklar og egheitene til å konkurrere om nye oppdrag i marknaden. Eigenkapitalen i konsernet ved utgangen av 2019 var MNOK 119,8 medan arbeidskapitalen var MNOK 68,8.
Grei start på 2020
Kontraktsmessig lykkast ein med å inngå kontrakt på ytterlegare ein brønnbåt for reiarlaget Sølvtrans, basert på same design som for kontrakten inngått i 2019. Ordrereserven passerte dermed 1 milliard kroner. Oppdraget på AKOFS Seafarer tilførte også i første kvartal mykje aktivitet til verftet i tillegg til 12 andre oppdrag innan ettermarknaden.
– Den 3. mars tok vi innover oss koronasituasjonen og starta med aksjonar knytt til smittevern i alle våre aktivitetar. Sjølvsagt pregar Covid-19 også vår organisasjon, våre leverandørar og våre kundar - ikkje minst etter at stadig fleire karantenereglar og tiltak har blitt sett i verk. I lag med marknaden og heile forsyningskjeda jobbar vi det vi kan for å handtere situasjonen og halde drifta gåande, seier Hide.
Optimistisk på resten av året
– Det verkar som vi har fått stabilisert situasjonen og at vi både har oppdrag og mulegheit til å gjennomføre desse i tida framover, seier Hide. I skrivande stund har dokka og kaiene våre fullt belegg og vi er i dagleg kontakt med kundar som har jobbar som skal utførast. Det er særs viktig at vi klarar å halde oppe flyten av varer og tenester og då ikkje minst også arbeidskraft. Vi tek dag for dag med positiv innstilling, nøktern optimisme og med god tru på at vi skal kome oss gjennom denne krevjande perioda også.

Relaterte artikler
-
Ulstein med gode tal for 2023
24.06.2024 -
Fiskerstrand fornøyd med 2018
31.07.2019 -
Egil Ulvan Rederi 100 år
29.04.2019 -
Godt resultat for Ulstein Group
13.05.2015 -
Solid overskot for Kleven
02.05.2014 -
Knallresultat og bonuser ved Kleven
07.05.2012