Stadt AS sikra viktig kontrakt

Publisert: 18.03.2013


Stadt AS  har sikra seg ei svært viktig kontrakt for inntil åtte nye skip som Petroleum Geological Services – PGS skal  leige inn frå den færøyiske samarbeidspartnaren Thor Offshore. Skipa  vert bygde  ved Besiktas skipsverft i Tyrkia, og er designa av Skipsteknisk i  Ålesund.

Skipa skal inngå i PGS sine operasjonar world wide, og får høgaste  isklasse 1A DNV og kan dermed operere i dei meste ekstreme områda i verda. – Det er lagt stor vekt på å velge velprøvde tekniske  løysingar som minimaliserer risikoen for driftsavbrot, og i den samanheng er det at Stadt sin teknologi  har vist seg å vere heilt suveren.  Dette har PGS sjølv erfart på seismikk-skip dei allereie har i drift med tilsvarande Stadt-teknologi.  Den støyfrie Stadt-teknologien er også perfekt for PGS sine skip som drive avansert datainnsamling om bor, fortel dagleg leiar Hallvard Slettevoll i Stadt AS.

Slettevoll seier vidare: – Stadt sine framdriftsteknologi er utvikla med tanke på berekraftig shipping,  dvs å oppfylle  dei strengaste internasjonale miljøkrava, lavast muleg drivstoff-forbruk og utslepp,  fleksibel  bruk av alternative  energikilder som gass, diesel, biofuel, og  mulegheiter for  batteri  eller brenselceller som supplement no eller ved seinare oppgraderingar av anlegget

Leveransen frå Stadt omfattar alle dei sentrale delane i eit diesel-elektrisk framdriftssystem, som  Stadt Stascho No-Loss AC Drives, elektromotorar for hovedframdrift og thrustarar, hovedtavler, nødtavler,  Power Management System etc.

 – Store transformatorar er ikkje nødvendig med Stadt-teknologien, så her vert det kun levert små distribusjonstrafoar til 440 V og 230 V underfordelingar. Stadt sin sinusteknologi eliminerer også bruken av harmoniske filter og ande PWM og THD-relaterte utfordringar om bord i skipa, fortel Slettevoll.

Kontrakta er av dei aller største som Stadt har halt i land, og er eit internasjonalt gjennombrot for selskapet som no ekspanderer raskt.

I dette prosjektet kjem Stadt til å samarbeide nært med den japanske dieselgeneratorprodusenten Yanmar,  samt den svenske propellprodusenten Berg Propulsion,  eit  valgt rederiet  har gjort på fritt grunnlag.

Stadt har med dette etabler seg som den leiande leverandøren av elektrisk framdriftssystem til verfta  i Tyrkia, ein marknad  som  er i sterk  vekst.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler