Nyheter
Stadt leverer til luksusyacht
Publisert: 20.04.2015
Kongsberg Maritime AS har gitt Stadt AS kontrakta med å levere sitt No-Loss AC drive system til ein 84 meter lang super-yacht som skal byggast av Echo Yachts i Australia, skriv Stadt AS i ei pressemelding.
Som elektrisk system-integrator, vil Kongsberg Maritime innarbeide Stadtteknologien i eit fullt integrert system saman med deira K-Power tavler og automasjonssystem.
Designet med tre skrog fører til at skipet får ei breidde på heile 20 meter. Super-yachten er formgitt av Sam Sorgiovanni, medan One2Three står for det tekniske designet, saman med verftet.
Hallvard Slettevoll, CEO for Stadt, seier at denne kontrakta representerer eit nytt viktig marknadssegment for bedrifta.
I fjor vart den patenterte No-Loss drive teknologien frå Stadt tildelt ein pris som den mest miljøvenlege på marknaden for elektrisk framdrift, av OSJ i London.I 2015 vart STADT igjen tildelt pris for beste elektriske system ved Marine Propulsion konferansen.
Seinare i år vil Stadt feire sitt 30-års jubileum, som ei bedrift kjent for sine nyskapande løysingar innan elektrisk skipsframdrift.
Relaterte artikler
-
Ny kontrakt for Kongsberg Maritime
15.02.2024 -
Kongsberg Maritime leverer til tre tankskip
28.03.2023 -
Ny brønnbåtkontrakt til Kongsberg Maritime
02.03.2021 -
Kongsberg Maritime leverer dekksmaskineri
11.02.2021