Nyheter
Stadt med kontrakt på eit nytt marineprosjekt
                                            Publisert: 07.03.2019
                                        
                                    
                                        Stadt AS har vunne ei viktig kontrakt på eit nytt millitærfartøy for eit NATO-land.
– Omfang og detaljar om prosjektet vert ikkje offentleggjort no, men det er ei svært betydningsfull kontrakt, som Stadt har vunne i konkurransen med langt større internasjonale konkurrentar, seier Hallvard L. Slettevoll, CEO i Stadt AS frå Gjerdsvika.
Elektriske framdriftssystem for militære skip er i framvekst, og med sin patenterte Stealth–teknologi basert på Lean Propulsion, har Stadt no signert ei viktig kontrakt for eit nytt stort militært fartøy. Det er førebels det einaste Slettevoll går ut med om avtalen.
– Eit avgjerande konkurransefortrinn med Stadt sin Lean Propulsion teknologi, er at den er støyfri på alle vis, robust, kompakt og treng ikkje kjøling. Det gir meir effekt ut til propellane, og sparer inntil 6 prosent energi i forhold til våre konkurrentar på elektrisk framdrift. Dette betyr at skipa med Stadt-teknologi vert svært miljøvenlege, med opp til ei halvering av energibruk og klimautslepp i forhold til tidlegare brukt framdriftsteknologi på militære skip, fortel Slettevoll.
Stadt leverte i 2018 eit stort system til SAAB i Sverige, også det til militært skip. Med den nye kontrakta no, befestar selskapet  sin posisjon i den militære skipsmarknaden. Hallvard Slettevoll trur at endå fleire forsvarskontrakter vil kome snart.
Slettevol fortel at selskapet også merkar stor interesse frå kommersiell shipping internasjonalt, innan eit stort spekter av skip som ynskjer ei eller anna form for miljøvenleg elektrisk framdrift.
– Mange av prosjekta inneheld LNG som energikjelde, gjerne kombinert med diesel og batteri. Stadt leverer fullt integrerte løysingar, også propellsystem i samarbeid med sine partnarar. Stadt-teknologien er skalerbar opp til svært høge effektar, som dekkjer propulsjonsbehovet til skip i alle størrelsar, slår han fast.
                                 
– Omfang og detaljar om prosjektet vert ikkje offentleggjort no, men det er ei svært betydningsfull kontrakt, som Stadt har vunne i konkurransen med langt større internasjonale konkurrentar, seier Hallvard L. Slettevoll, CEO i Stadt AS frå Gjerdsvika.
Elektriske framdriftssystem for militære skip er i framvekst, og med sin patenterte Stealth–teknologi basert på Lean Propulsion, har Stadt no signert ei viktig kontrakt for eit nytt stort militært fartøy. Det er førebels det einaste Slettevoll går ut med om avtalen.
– Eit avgjerande konkurransefortrinn med Stadt sin Lean Propulsion teknologi, er at den er støyfri på alle vis, robust, kompakt og treng ikkje kjøling. Det gir meir effekt ut til propellane, og sparer inntil 6 prosent energi i forhold til våre konkurrentar på elektrisk framdrift. Dette betyr at skipa med Stadt-teknologi vert svært miljøvenlege, med opp til ei halvering av energibruk og klimautslepp i forhold til tidlegare brukt framdriftsteknologi på militære skip, fortel Slettevoll.
Har tru på fleire kontraktar 
Stadt leverte i 2018 eit stort system til SAAB i Sverige, også det til militært skip. Med den nye kontrakta no, befestar selskapet  sin posisjon i den militære skipsmarknaden. Hallvard Slettevoll trur at endå fleire forsvarskontrakter vil kome snart.
Stor interesse frå shippingmarknaden
Slettevol fortel at selskapet også merkar stor interesse frå kommersiell shipping internasjonalt, innan eit stort spekter av skip som ynskjer ei eller anna form for miljøvenleg elektrisk framdrift.– Mange av prosjekta inneheld LNG som energikjelde, gjerne kombinert med diesel og batteri. Stadt leverer fullt integrerte løysingar, også propellsystem i samarbeid med sine partnarar. Stadt-teknologien er skalerbar opp til svært høge effektar, som dekkjer propulsjonsbehovet til skip i alle størrelsar, slår han fast.
Relaterte artikler
- 
                                                            Fregatt-valget er avgjort01.09.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            Bygger to nye bulkfartøy06.06.2025
- 
                                                            Samarbeider om mogleg fregattkontrakt27.03.2025
- 
                                                            Vard kan og vil bygge for Forsvaret23.09.2024
- 
                                                            Havyard Leirvik vinner nybyggskontrakt20.11.2023
- 
                                                            USV AS bestiller første ubemannede fartøy18.07.2023
- 
                                                            Stor forsvarskontrakt til Stadt18.01.2023
- 
                                                            Neste generasjons fiskefartøy for Trønderbas01.07.2022
- 
                                                            Verftene vil bygge for Sjøforsvaret04.04.2022
- 
                                                            Nytt kystvaktfartøy under slep til Norge18.02.2022
- 
                                                            Samarbeid for å utvikle militære fartøy29.12.2021
- 
                                                            Bygger to nye brønnbåter for Seistar18.12.2020
- 
                                                            Storordre på thrustere06.03.2020
- 
                                                            To norske verft i samarbeid07.02.2020
- 
                                                            Byggekontrakt på sin andre ambulansebåt05.07.2019
- 
                                                            Vard i forhandlingar om Kystvakt-skip12.10.2017
- 
                                                            Utvikler verdens største kabellegger29.08.2017
- 
                                                            Kleven, Vard og Westcon i kontraktskamp20.06.2017
- 
                                                            Vant storkontrakt på nye ferjer09.06.2017
- 
                                                            Namsos levert til Norsk Fisketransport22.12.2015
- 
                                                            Hundre år med skipsbygging03.07.2015
- 
                                                            Noryards BMV oppgraderer kystvaktfartøy13.03.2015
- 
                                                            Marjata døpt ved Vard Langsten i dag06.12.2014
- 
                                                            Wärtsilä leverer til Siem30.06.2014
- 
                                                            Norsk Fisketransport kontraherer hos Havyard17.12.2013
- 
                                                            Stadt AS sikra viktig kontrakt18.03.2013
- 
                                                            KV Bergen - Nytt kystvaktfartøy29.03.2010
