Nyheter
Storkontrakt til Kleven fra Maersk
Publisert: 16.10.2014
Kleven har inngått kontrakt med Maersk Supply Service om bygging av seks ankerhandteringsfartøy. Kontrakten inneheld også opsjonar på ytterlegare fire fartøy.
Dei 95 meter lange fartøya er av SALT 200 AHTS-design frå Salt Ship Design, og skal byggast både ved Kleven Verft og Myklebust Verft.
– Eg er stolt og glad over at Maersk, som er eit av verdas største reiarlag, valde Noreg og Kleven når dei skulle fornye ankerhandteringsflåten sin. Det viser klart og tydeleg at vi er konkurransedyktige internasjonalt når det gjeld pris, leveringstid og ikkje minst kvalitet, og er ei stor anerkjenning av våre tilsette på verfta og det arbeidet dei legg ned kvar dag, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.
– Dette er ein svært viktig kontrakt for oss, vunne i det som for tida er ein ekstremt krevande marknad. Om alle opsjonane vert innfridd, vil denne kontrakten gje arbeid for verfta våre heilt fram til 2018, og det er fantastisk å ha ein så lang horisont for våre tilsette, seier Rasmussen.
Dei første seks fartøya skal leverast frå siste kvartal 2016 til tredje kvartal 2017.
Mange norske utstyrsleverandørar er også inkludert i prosjektet, nokon som gjev store og positive lokale ringverknader.
Relaterte artikler
-
-
Vard med kontrakt på fem fartøy
21.11.2024 -
North Star Shipping tilbake til Vard
09.05.2023 -
Har utviklet en helt ny serie fiskefartøy
04.05.2021 -
Kontraherer stort hydrid servicefartøy
21.12.2020 -
Vard med kontrakt for nytt fiskefartøy
24.05.2018 -
Vard bygger ny hekktråler
10.04.2018 -
Havskjer kjøper ny fiskebåt
15.02.2018 -
Vard bygger nytt servicefartøy
03.11.2017 -
Vard bygger for Røkke
02.05.2017 -
Stor kontrakt til Vard
30.12.2013 -
Norsk Fisketransport kontraherer hos Havyard
17.12.2013 -
STX OSV bygger AHTS for Iceman AS
13.04.2012