Storkontrakt til Noreq i Korea

Publisert: 08.03.2013
noreq-080313.jpg
NTDS 3500H med FRB 650 Twin


Noreq vart nyleg tilkjent ein stor kontrakt med det koreanske verftet Daewoo Shipbuilding and Marine Engineering Co. Ltd. (DSME). Kontrakten gjeld levering av fullt redingsutstyr til fire tankskip dei skal byggja for den britiske marinen (Royal Navy).

– For Noreq sin del er dette ei svært viktig levering. Ikkje berre på grunn av storleiken på ordren, men også fordi vi til dette prosjektet skal levere den heilt nye teleskopdaviten vår (NTD). Dette er ein type davit som er svært praktisk ved tilhøve der det er høgdebegrensningar og vi ser at fleire og fleire skip har teikna inn denne løysinga for liv- og redningsbåtane sine. I tillegg til teleskopdaviten består pakken til DSME også av livbåtar og tilhøyrande davitar, seier Styrk Bekkenes, dagleg leiar i Noreq AS.

Dei nye MARS (Military Afloat Reach and Sustainability) tankskipa, designa av britiske BMT Defence Services Ltd, er særskild utvikla for å yta støtte til den øvrige flåten gjennom forsyningar av drivstoff, ferskvatn og andre forsyningar. Skipa er om lag 200 meter lange, 28 meter breide og er rigga for eit mannskap på over 100 personar.

– Vi i Noreq er svært stolte over nok ein gong å bli vald som leverandør til ein ny type design. Dette stadfestar at vårt fokus på innovasjon og nyskaping betalar seg når verft og skipsreiarar skal finne utstyr til sine nyaste farty. Dette er også vår fyrste levering til DSME og vi må legge til at samarbeidet med det korenaske verftet har vore svært godt. Denne ordren er også veldig spanande av den grunn at dette designet også er av interesse for andre land sine militære styrker, seier Bekkenes.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler