Nyheter
Storkontrakt til Rolls-Royce
Publisert: 22.05.2009
Rolls-Royce har inngått kontrakt på levering av ei nyutvikla løysing for handtering av torpedoanker, spesiallaga for ekstreme havdjup utanfor Brasil. Kontrakta har ein samla verdi for selskapet på ca 380 millionar kroner skriv Rolls-Royce i ei pressemelding.
Rolls-Royce skal levere vinsjar og komplette system for tryggare dekksoperasjonar til to ankerhandteringsfartøy som skal byggast av STX Brasil Offshore for det norske rederiet DOF. Kvart fartøy vil ha den største vinsjpakken levert til Brasil nokon gong, med over 1000 tonn dekksmaskineri frå Rolls-Royce om bord.
- Dei kraftige vinsjane vil sette fartøya i stand til å drive ankerhandtering ned til 3000 meters djup, seier Ottar Antonsen, som er salssjef for dekksmaskineri.
Inkludert i leveransen er ei nyvinning som Rolls-Royce har utvikla for handtering av torpedoanker. Det største oljeselskapet i Brasil, Petrobras, utvikla denne typen anker for å takle sjøbotnen og dei store havdjupa utanfor Brasil. Selskapet valde Rolls-Royce si løysing for å handtere ankera i det dei forlet eller vert vinsja om bord i fartøyet. Eit torpedoanker veg 130 tonn, medan eit vanleg anker veg om lag 22 tonn. Løysinga er ein del av Rolls-Royce sitt system for tryggare dekksoperasjonar.
- Vi har vore aktive i den brasilianske offshoremarknaden sidan 1982, og har eit nært og godt forhold til Petrobras. Vi aukar no serviceaktivitetane i landet, og i juni opnar nye fasilitetar i Rio for å betre servicen til kundane våre, seier Ottar Antonsen.
Relaterte artikler
-
Leverer forankringsutstyr til tre rigger
27.11.2018 -
-
Rolls-Royce leverer til Kystverket
15.05.2017 -
-
Rolls-Royce forankrer Njord A
20.04.2017 -
-
Stor fortøyningskontrakt til Rolls-Royce
22.06.2016 -
Rolls-Royce utvikler nytt forskningsfartøy
09.05.2016 -
Rolls-Royce leverer utstyr til ni fartøy
03.12.2015 -
Stor kontrakt til Rolls-Royce på skipsutstyr
23.04.2015 -
Maersk bekrefter opsjon med Rolls-Royce
25.02.2015 -
Kjempekontrakt til Rolls-Royce
09.12.2014 -
Stor kontrakt til Rolls-Royce
11.09.2014 -
Utstyrskontrakt til Rolls-Royce
10.06.2014 -
Rolls-Royce utstyr til Bourbon
08.04.2014 -
Møkster bestiller Rolls-Royce fartøy
04.04.2014 -
Stor utstyrskontrakt til Rolls-Royce
28.03.2014 -
Storkontrakt til Rolls-Royce i Brattvåg
21.11.2013 -
Brønnbåt med design fra Rolls-Royce
18.11.2013 -
Storkontrakt på dekksutstyr for Rolls-Royce
24.10.2013 -
Ny kontrakt til Rolls-Royce
18.08.2011 -
Rolls-Royce med ny stor Brasilkontrakt
24.02.2011 -
Gjennombrot for ny teknologi frå Rolls-Royce
04.02.2011 -
Rolls-Royce til Shtokman
16.06.2008 -
Suksess med fokus på sikkerhet
24.04.2008