Storleveranse frå Stadt AS

Publisert: 13.11.2019
Stadt AS melder om ein massiv leveranse til ankerhandteringsfartøyet SK Kinetik.

SK Kinetik er det åttande skipet Stadt setter i drift for Nam Cheong i Singapore. Skipet er eit ankerhandteringsfarty med 85 tonns slepekraft, og bygd i Kina etter ABS sine klassekrav for den internasjonale marknaden.

CEO Hallvard Slettevoll i Stadt AS fortel at det dieselelektrisk framdriftssystemet på skipet er ein omfattande Stadt-leveranse, med hovedtavler, Lean Drives, elektrisk framdriftsmotorar, krafttransformatorar, sidepropellstyringar, PMS-system, osv. Ankerhandteraren har Kongsberg DP system og Kongsberg azimuth hovedpropellar.

SK Kinetik er det  8. skipet bygd av Nam Cheong med Stadt elektrisk framdrift. Slettevoll bekreftar at dette pr i dag er største kunden til Gjerdsvikbedrifta gjennom tidene. Han er ekstra glad for at Nam Cheong  uttrykker stor tilfredsheit med driftserfaringane gjennom fleire år med den patenterte Lean Drive-teknologien.

– Vi ser at det vi lovde med 30 års levetid vil halde stikk, noko som var utenkjeleg med den komplekse teknologien vi før jobba med her i Gjerdsvika, avsluttar Slettevoll.


 

Kurt Vadset

Relaterte artikler