Nyheter
Styrkar lokalt eigarskap i Myklebust Verft
                                            Publisert: 31.08.2023
                                        
                                        Selskapa Inyard Invest AS, Cortex AS og Hareid Elektriske AS har kjøpt seg opp i Myklebust Verft. Myklebust Verft er med det attende på lokale hender etter ein periode med ein eigarkonstellasjon som har inkludert fleire norske og internasjonale selskap.
Dei tre lokalt forankra selskapa har kjøpt Hurtigruten Group AS, Maritime Repair GmbH (selskap i Lürssen gruppen), Strawberry Equities AS, H-Invest AS og Silk Holdings S.Ar.L. sine aksjepostar i verftet, og eig no verftet saman med John Kleven AS og ei rekke lokale, mindre aksjonærar.
FRAMLEIS EIN SENTRAL AKTØR
- Verfta er motoren i den maritime klynga på Sunnmøre, og vi er glade for at lokale selskap bidrar til at Myklebust Verft framleis vert ein sentral aktør i denne klynga, seier Per-Christian Kroepelien Lillebø, styreleiar i Myklebust Verft Invest AS. Myklebust Verft har dei siste par åra vore gjennom ei positiv utvikling, og vi ser fram til å vidareutvikle verftet med eit eigarskap med sterk lokal identitet i ryggen, seier Kroepelien Lillebø.
KOMBINASJONSVERFT
Myklebust Verft er lokalisert i Gursken på Sunnmøre, og er eit kombinasjonsverft som leverer nybygg, ombyggingar, reparasjonar og service til kundar innan passasjer, offshore service, fiskeri og oppdrett.
På nettsidene fortel verftet at det vart grunnlagt av smeden Oskar Myklebust i 1915 og har gjennom historia hatt ulike eigarar. Mellom 2001 og 2018 var Myklebust Verft ein del av Kleven-konsernet.
– Sidan har vi utvikla oss som frittståande og uavhengig verft. Fokus på berekraft, godt handverk og dyktige fagfolk er nøkkelen til suksess for Myklebust, heiter det der.
 
Relaterte artikler
- 
    
- 
    
- 
                                                            Nybyggingskontrakt for Green Yard Kleven14.10.2024
- 
                                                            Skaper verdensledende akvakultur-selskap18.12.2023
- 
                                                            IKEA-selskap inn i havvind03.08.2023
- 
                                                            Derfor nekter han å gi opp03.03.2023
- 
                                                            Bygger ut Lavrans og Kristin Q i Norskehavet30.06.2021
- 
                                                            Kleven får kroatisk eigar20.01.2020
- 
                                                            Det lysner i offshoremarkedet08.02.2017
- 
                                                            Vil skape ny offshoregigant06.02.2017
- 
                                                            Herkules kjøper Umoe Schat-Harding og Noreq11.06.2013