Suksess for Ulstein-design

Publisert: 12.02.2015
px105-120215.jpg
PX105


Det brasilianske reiarlaget CBO har bestilt ein design- og utstyrspakke til eit plattformforsyningsfartøy (PSV) av PX105-typen frå Ulstein. Kontrakten inkluderer også ein opsjon på to skip. Dette vert det niande skipet med X-Bow skroglinje i CBO sin flåte, som allereie no femner om fleire skip designa av Ulstein: Seks av typen PX105, to PX106 og to P106.  Det nye fartøyet skal byggast ved Aliança-verftet i Rio de Janeiro, Brasil.

– Som følgje av dei gode resultata vi har hatt med PX105- og PX106-skipa våre, har vi vedteke å bygge endå eitt PX105-fartøy ved Estaleiro Aliança. Vi føler oss trygge på at det gode samarbeidet mellom selskapa våre vil halde fram også i framtida, seier CBO-direktør Alfredo Naslausky i ei pressemelding.

Kontrakten femner om design og ein utvida hovudutstyrspakke. Fartøyet er tilpassa det brasilianske statsoljeselskapet Petrobras sine krav om ei dødvekt på 4500 tonn (PSV 4500 tender).

Vårt PX105-design er ein stor PSV som kan romme 23 personar. Fartøyet måler 88,9 meter i lengda og 19 meter i breidda, og har eit dekksareal på om lag 940 kvadratmeter. Desse fartøya kan operere over eit breitt vêrvindu, og kan ta på seg komplekse oppdrag langt frå land. Slag frå møtande sjø vert eliminerte som følgje av X-BOW®-forma i forskipet. Fartøya er kostnadseffektive og drivstoffsparande, og mannskapa får meir effektiv kviletid, noko som bidreg til å auke sikkerheita.

Med dagens utvikling der olje- og gassproduksjon går føre seg stadig lengre frå land, er etterspurnaden etter store PSV-ar aukande. Totalt 29 PX105-design er til no kontraherte av ulike reiarlag, noko som gjer dette til eitt av dei leiande PSV-designa frå ULSTEIN. Storleiken og fleksibiliteten til desse fartøya gjer dei eigna for mange marknader og operasjonar.

– Det er svært hyggeleg at kundane vender tilbake til Ulstein for å tinge fleire av designa og tenestene våre. Reiarlaget CBO er ein god kunde, og når dei bygg endå fleire PSV-ar med oss er det ei stadfesting på at dei er nøgde med ytinga og kapasiteten til desse skipstypane, seier Kim Lillebø, som er salsansvarleg i Brasil for Ulstein Design & Solutions.

– Vi har god erfaring med CBO som reiarlag og Aliança som verft, og er takksame for den tilliten dei viser oss ved å tildele oss denne nye kontrakten. Vi ser fram til endå fleire samarbeidsprosjekt i nær framtid, seier sals- og marknadssjef, Lars Ståle Skoge.

Kontrakten inkluderer også systemløysingane Ulstein  IAS integrert automasjonssystem, Ulstein COM kommunikasjonssystem og Ulstein Bridge  radio- og navigasjonsutstyr.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler