Nyheter
Suksess på rigg
Publisert: 02.10.2019
Til liks med resten av den maritime næringa har konsulentselskapet Sebastian også vore gjennom tunge og vanskelege år. Men no har skuta snudd, og selskapet kan glede seg over tre nye kontraktar med ulike riggselskap.
Sebastian AS seglar i medvind, slår selskapet fast i eit presseskriv.
– Ja, det er kjekt å kjenne at vi er i støtet igjen, fortel dagleg leiar, Johannes Kristian Bjøringsøy.
– Hardt arbeid dei siste åra gir ringverknader no. Berre siste tida har vi fått tre nye kontraktar med heilt forskjellige kundar i riggmarknaden.
Sebastian tilbyr ulike rådgjevingstenester til den maritime næringa både nasjonalt og internasjonalt. Siste åra har selskapet bevisst satsa på rigg, og nye oppdrag er eit resultat av dette.
– Vi følgjer med på det som skjer, og ligg i tet innanfor vår nisje. For kundane våre er det viktig å samarbeide med oss som ein uavhengig tredjepart, og vår kunnskap og kvalitet blir då til deira fordel, fortel Bjøringsøy.
Han er glad over å nettopp ha fullført jobben for eit av verdas største riggselskap, Transocean. Ei av dei tre kontraktane dette året.
– Tidlegare i år fekk vi eit oppdrag for riggen Transocean Spitsbergen. Her har vi føretatt ein FMEA - Failure Modes and Effects Analysis, som er ei slags konsekvensanalyse der alle feil vert kartlagt og konsekvensen av feila vert analysert. Tidlegare denne månaden vart dokumenta godkjent av DNV GL, og akkurat no går det føre seg testing etter våre dokument, fortel han stolt.
Godt arbeid gir resultat, og Bjøringsøy har all grunn til å smile. Den siste månaden har vore hektisk, men gjevande.
– For eit par veker sidan signerte vi kontrakt med ein brasiliansk riggeigar, Constellation. Dette er eit litt anna type oppdrag, der vi skal assistere med å reaktivere riggen Lone Star frå opplag, og hjelpe reiarlaget og få den akseptert av Brasil sitt statsoljeselskap, Petrobras, seier han ivrig
Signaturen på den siste kontrakten har omtrent ikkje tørka.
– Ja, her går det fort unna. Det er ekstra stas å kunne melde at vi sist veke signerte kontrakt for dei topp moderne eco-nybygga til Awilco Drilling. Dei vert bygde i Singapore for den norske marknaden, og vi skal hjelpe til med tenester og rådgjeving innanfor dynamisk posisjonering (DP) - eit avansert system som automatisk held fartøyet i same posisjon og på same kurs. Vi gler oss stort over nye kontraktar med solide oppdragsgjevarar, og ser lyst på framtida, avsluttar Bjøringsøy.
Sebastian AS seglar i medvind, slår selskapet fast i eit presseskriv.
– Ja, det er kjekt å kjenne at vi er i støtet igjen, fortel dagleg leiar, Johannes Kristian Bjøringsøy.
– Hardt arbeid dei siste åra gir ringverknader no. Berre siste tida har vi fått tre nye kontraktar med heilt forskjellige kundar i riggmarknaden.
Sebastian tilbyr ulike rådgjevingstenester til den maritime næringa både nasjonalt og internasjonalt. Siste åra har selskapet bevisst satsa på rigg, og nye oppdrag er eit resultat av dette.
– Vi følgjer med på det som skjer, og ligg i tet innanfor vår nisje. For kundane våre er det viktig å samarbeide med oss som ein uavhengig tredjepart, og vår kunnskap og kvalitet blir då til deira fordel, fortel Bjøringsøy.
Transocean
Han er glad over å nettopp ha fullført jobben for eit av verdas største riggselskap, Transocean. Ei av dei tre kontraktane dette året.– Tidlegare i år fekk vi eit oppdrag for riggen Transocean Spitsbergen. Her har vi føretatt ein FMEA - Failure Modes and Effects Analysis, som er ei slags konsekvensanalyse der alle feil vert kartlagt og konsekvensen av feila vert analysert. Tidlegare denne månaden vart dokumenta godkjent av DNV GL, og akkurat no går det føre seg testing etter våre dokument, fortel han stolt.
Lone Star i Brasil
Godt arbeid gir resultat, og Bjøringsøy har all grunn til å smile. Den siste månaden har vore hektisk, men gjevande.– For eit par veker sidan signerte vi kontrakt med ein brasiliansk riggeigar, Constellation. Dette er eit litt anna type oppdrag, der vi skal assistere med å reaktivere riggen Lone Star frå opplag, og hjelpe reiarlaget og få den akseptert av Brasil sitt statsoljeselskap, Petrobras, seier han ivrig
Nybygg i Singapore
Signaturen på den siste kontrakten har omtrent ikkje tørka. – Ja, her går det fort unna. Det er ekstra stas å kunne melde at vi sist veke signerte kontrakt for dei topp moderne eco-nybygga til Awilco Drilling. Dei vert bygde i Singapore for den norske marknaden, og vi skal hjelpe til med tenester og rådgjeving innanfor dynamisk posisjonering (DP) - eit avansert system som automatisk held fartøyet i same posisjon og på same kurs. Vi gler oss stort over nye kontraktar med solide oppdragsgjevarar, og ser lyst på framtida, avsluttar Bjøringsøy.
Relaterte artikler
-
Opplæringskontrakt på Songariggane
29.09.2015 -
Østensjø velger Sebastian AS
06.07.2015 -
Sebastian AS tegner kontrakt med Statoil
21.02.2014 -
Sebastian fikk kontrakt med Total E&P
05.03.2013 -
Prestisjeoppdrag for Sebastian AS
07.12.2012 -
Sebastian AS leverer FMEA-verifikasjon
29.08.2012