Nyheter
Superskipet Island Navigator skal byggast
Publisert: 01.07.2015
Island Offshore har i heva forbeholda i skipsbyggingskontrakta med Kawasaki Heavy Industries for levering av offshoreskipet Island Navigator. Skipet er eit kombinert brønnintervensjons- og toppholsboringsfartøy med utstyr og kapasitet til å utføre ei rekkje kompliserte subsea- og brønnoperasjonar.
– Dette er nok ein merkedag for Island Offshore. Vi har arbeidd med utviklinga av dette fartøyet i tre år; eit prosjekt som nyt godt av vår erfaring og kompetanse innan brønnintervensjon gjennom ni år, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore Management AS.
Island Navigator vert heile 169 meter langt, og vil ha sjeldant høg driftsregularitet grunna utforminga skipet. Mellom anna er helikopterdekket flytta inn mot midten for å gi gode landingsforhold i vanskelege verforhold, slik at mannskapsskifta går som dei skal og ein kan oppretthalde drifta utan avbrot. Island Navigator vert også utstyrt med eit innebygd handteringstårn, noko som sikrar eit trygt og godt arbeidsmiljø under operasjon i røft klima. I tillegg har skipet høgste klasse dynamisk posisjonering, isklasse (ICE-1B) samt høgste komfortklasse.
– Fartøyet vil gi eit vesentleg bidrag til å utvikle tenestespekteret vårt og Island Offshore som selskap. Vi har stor tru på dette konseptet, seier Ulstein.
Island Navigator er designa av Rolls-Royce og har fått typebeteikninga UT 777. Skipet vert bygd etter Mobile Offshore Unit-forskrifter, og vert difor for flyttbar innretning å rekne.
Forventa leveringstidspunkt er 2018/2019, og fartøyet vert fullfinansiert gjennom japanske finansinstitusjonar.
Relaterte artikler
-
Sommerutfordringer i verftsindustrien
28.06.2022 -
Verftene vil bygge for Sjøforsvaret
04.04.2022 -
- Norge mangler en politikk for skipsverft
30.09.2021 -
Konkurranseevnen til norsk skipsbygging
10.08.2021 -
Ny ombyggingskontrakt for Kleven Verft
31.10.2019 -
Nybyggingskontrakt til Stadyard
23.03.2018 -
Havyard kansellerer kontrakt
03.01.2017 -
Byggekontrakt til Havyard
28.09.2016 -
Kansellerer kontrakt ved Havyard
09.03.2016 -
Utsatt levering av bygg 126 fra Havyard
03.12.2015 -
Ombyggingskontrakt til Myklebust Verft
28.10.2014