Nyheter
Ulmatec Pyro Årets Bedrift
                                            Publisert: 04.03.2015
                                        
                                    Vinnar av Fylkesprisen Årets Bedrift 2014 er Ulmatec Pyro AS i Haram. Gode resultat over tid, nye produkt og sterkt engasjement for lokalsamfunnet er høve som juryen har lagt vekt på i si grunngjeving.
Ulmatec Pyro AS er vinnar av Fylkesprisen Årets Bedrift 2014. Bedrifta leverer energigjenvinningssystem for skip, der spillvarme frå kjølesystem og eksos vert henta ut og gjenbrukt om bord på fartøyet, noko som reduserer energibruken. Selskapet har i tillegg utvikla system for nye måtar å bruke energien på.
– Dette var ei svært gledeleg melding å få, seier adm. dir. i Ulmatec Pyro, Jan Petter Urke, i ei pressemelding.
– Vi har jobba veldig hardt både med nye produkt men også med nye marknader. Det krev mykje av alle tilsette, og eg gler meg til å videreformidle nyheita. Denne prisen betyr mykje for heile bedrifta. No blir det kake!, seier han.
Ulmatec Pyro har 42 tilsette (2015) og ei omsetning på 67 millionar kroner (2014). I 2014 fekk selskapet si største kontrakt så langt, med avtalen om å levere system for utnytting av spillvarme på to nye riggar som Statoil bygger i Sør-Korea. Bedrifta er også blitt sertifisert etter ISO-9001 og kan levere produkt i henhold til NORSOK-standard, eit kvalitetsstempel som vil opne fleire dører.
– Det som har imponert oss med Ulmatec Pyro er at bedrifta har utvikla ei rekke nye produkt og system og vist gode resultat over tid, seier leiar for Regional og næringsutvalet, Randi Asbjørnsen.
– Miljøvennleg skipsfart er eit av konkurransefortrinna for maritim næring i Møre og Romsdal. Det er avgjerande at industrien er i stand til å utvikle miljøvennlege løysingar. Ulmatec Pyro er eit godt døme på dette.
Det er Møre og Romsdal fylkeskommune v/Regional- og næringsutvalet som kvart år deler ut Fylkesprisen Årets Bedrift. I år kom det inn rekordmange forslag; 29 kandidatar har vore med å kjempa om den gjeve prisen.
Relaterte artikler
- 
                                                            Vant for andre året på rad17.09.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            Promoterer norskekysten midt på Times Square23.05.2025
- 
                                                            Finnøy sikrer avtale med FDA23.11.2023
- 
                                                            Brunvoll-kontrakt med Esvagt18.07.2023
- 
                                                            Fjord1 får tildelt Storegutprisen 202317.07.2023
- 
                                                            Vind vant Heyerdahlprisen 202322.03.2023
- 
                                                            Vil redde liv med empatisk redningsvest01.03.2023
- 
                                                            Medstraum Ship of The Year06.09.2022
- 
                                                            Odfjell ble Årets Maritime Lærebedrift02.06.2021
- 
                                                            Syv norske bedrifter får EU-støtte30.07.2020
- 
                                                            Maritime motiv på flere pengesedler20.09.2018
- 
                                                            Gründersøstre nominert til Innovasjonspris10.08.2018
- 
                                                            Blir testfjord for fremtidsskip29.09.2017
- 
                                                            Flere priser til Vision of the Fjords?08.06.2017
- 
                                                            Trivelig besøk10.03.2016
- 
                                                            Gulen Dykkesenter vant pris20.11.2015
- 
                                                            Pris til Hurtigruten18.12.2013
- 
                                                            Ny værapp for båtfolket30.04.2013
- 
                                                            Ulstein fekk pris for beste innovasjon13.03.2013
- 
                                                            Vant sjøfolkas fotokonkurranse09.03.2012
- 
                                                            KV Bergen - Nytt kystvaktfartøy29.03.2010
- 
                                                            Navarsete døyper Olympic Zeus19.03.2009
- 
                                                            Nyskaperpris til Odim19.03.2009
- 
                                                            Vant fotokonkurranse for sjøfolk21.01.2009
