Nyheter
Ulstein Design årets gasellebedrift i Møre og Romsdal
- Vilje til nyskaping driv oss framover. Vi har gjort oss bemerka med innovasjon og ULSTEIN X-BOW ®, dette skal vi utvikle videre og vi skalskape meir, sa ein fornøgd Tore Ulstein ansvarleg for forretningsområde Design og Solutions i Ulsteinkonsernet. På ein konferanse i Ålesund i dag vart Ulstein Design kåra til Møre og Romsdal si gasellebedrift 2008 av avisa Dagens Næringsliv.
Satsing på design
Ulstein Design fekk også denne utmerkinga i 2007, då også på landsbasis.- Andre året på rad som Årets Gasellebedrift stadfestar at kundane si interesse i designa våre er aukande, og at vi tek stadig større marknadsandelar. Dette gjeld også ute i verda, og er dermed eit teikn på at vi er i ferd med å lukkast med internasjonalisering av verksemda, seier administrerande direktør i Ulstein Design Rolf Inge Roth.
- Ulstein har fram til no lykkast innan offshore segmentet, men vi stopper ikkje med det. Vi skal skape eit robust miljø og satsar bevist innanfor heavy offshore og nærskipsfart segmentet. Vilje til nyskaping og evne til å realisere våre vekstambisjonar blir avgjerande framover, seier forretningsområdeansvarleg for Design og Solutions i Ulsteinkonsernet Tore Ulstein.
Samspel i kreativt miljø
- Samspel med andre bedrifter i Ulsteinkonsernet er avgjerande for leveransane våre. Meirverdien Ulstein Design tilbyr sine kundar er eit resultat av nedarva kunnskap. Både internt imellom selskapa i Ulsteinkonsernet og i relasjonar i den maritime klynga, presiserer Roth.
- I ei krevjande tid med stor auke i aktiviteten, er fleksibilitet og innsats som kvar enkelt tilsett syner ein særs viktig suksessfaktor. Stor interesse og engasjement for å skape og utvikle sin eigen arbeidsplass er avgjerande for at ein vekstbedrift skal lukkast, hevdar han.
Relaterte artikler
- 
                                                            Høg aktivitet for Ulstein i 202404.07.2025
- 
    
- 
                                                            Designkontrakt til Ulstein04.06.2025
- 
    
- 
                                                            Ulstein med gode tal for 202324.06.2024
- 
                                                            Fugro vel Ulstein for redesign og ombygging26.09.2023
- 
                                                            Ulstein med konseptdesign på havvindfartøy16.10.2018
- 
                                                            Ny storkontrakt til Ulstein05.10.2018
- 
                                                            Ulstein 100 år09.08.2017
- 
                                                            Fleire cruiseskip frå Ulstein31.05.2017
- 
                                                            Hundre år med skipsbygging03.07.2015
- 
                                                            Ulstein vann pris på Nor-Shipping02.06.2015
- 
                                                            Godt resultat for Ulstein Group13.05.2015
- 
                                                            Suksess for Ulstein-design12.02.2015
- 
                                                            Ulstein introduserar X-Stern26.08.2014
- 
                                                            Solide tal for Ulstein29.04.2014
- 
                                                            100 offshoredesign fra Ulstein31.10.2013
- 
                                                            Gode tal for Ulstein25.04.2013
- 
                                                            Ulstein fekk pris for beste innovasjon13.03.2013
- 
                                                            Ulstein overraska med nytt brukonsept29.08.2012
- 
                                                            Bonus til alle tilsette i Ulstein Group27.05.2011
- 
                                                            Kjemperesultat frå Ulstein Group12.03.2010
- 
                                                            Ulstein X-Bow også til nærskipsflåten25.11.2008
- 
                                                            Seks nye til Ulstein25.08.2008
- 
                                                            Tilsette i Ulsteinkonsernet får årsbonus18.04.2008
