Nyheter
Ulstein-design til Korea
Publisert: 12.02.2013
Toisa Ltd har signert ein kontrakt med Hyundai Heavy Industries (HHI) om bygginga av eit fleirfunksjonelt offshore konstruksjonsfartøy designa av Ulstein.
DP3-fartøyet (DP3=dynamisk posisjonering høgaste klasse) er ein tilpassa versjon av Deepwater Enabler-designen frå Ulstein sitt designselskap i Nederland, Ulstein Sea of Solutions.
Skipet er utvikla for å kunne jobbe over heile verda, og er eigna til å gjennomføre mellom anna subsea-konstruksjon, offshore-konstruksjon og vedlikehaldsoperasjonar. Dette blir det største X-Bow-fartøyet så langt. Skroglinjeforma X-Bow bidreg til at skipet vert ei stødig plattform for konstruksjonsarbeidet.
– Det som gjer dette fartøyet unikt er at det er utvikla for å kunne takle framtidas krav, seier Bram Lambregts, som er sals- og marknadssjef i Ulstein Sea of Solutions. – Det gode og tette samarbeidet med Toisa og Hyundai har resultert i eit svært allsidig skip, understrekar han.
Fartøyet har høg kapasitet og er svært fleksibelt. Skipet er utstyrt med ei aktiv hivkompensert offshorekran med kapasitet til å løfte 900 tonn i 360 graders radius, og kan senke utstyr ned til 3500 meters djupne. Der er også ei 200-tonns knekkbomkran, som kan operere ned til 2000 meters djupne. Skipet kan også bli utstyrt med eit 550-tonns tårn for fleksible rør plassert over hovudmoonpoolen, som måler 8,4 gongar 8,4 meter, og to rørkarusellar, kvar med 2500-tonns kapasitet, kan bli monterte under dekk. Frå ROV-hangaren kan ein sette ut to store ROV-ar (fjernstyrte miniubåtar) på kvar side, eller gjennom ein annan moonpool. Gjennom denne moonpoolen kan ein også sette ut ei dykkarklokke.
Skipet har dieselelektrisk framdrift med tre azimuth-thrusterar (sidepropellar) som står for hovudframdrifta. Maskineriet, kraft- og kontrollsystema er fysisk skilde i to delar for å kunne stette DP3-krava ved brann.
Skipet oppfyller krava til SPS- og MODU-kodane, noko som mellom anna gjer at skipet stettar krava til høgaste komfortklasse, COMF-V (3). Skipet vert innreidd for 250 personar, med store lugarar, kontor, arbeidsrom og avslappingsområde.
Dekkarealet på om lag 2900 m2 gir maksimalt ledig dekksområde for å kunne installere utstyr i høve til oppdrag, til dømes utstyr for rørlegging, eller heavy offshore-utstyr til installasjonsarbeid. Dekket er forsterka med opptil 50 t/m2 dekkstyrke.
Skipet er det første som vert bygd basert på Ulstein sin Deepwater Enabler-design. Denne designen er utvikla for å tillate reiarane å vere meir fleksible overfor skiftande marknadskrav, mellom anna ved at skipet vekselvis kan arbeide overfor subsea- og offshoremarknader.
Relaterte artikler
-
Ulstein designar forskingsskip til Sør-Korea
01.06.2021 -
Hydrogenferjens utseende begynner å ta form
28.02.2019 -
Ulstein Verft skal bygge hybridgigant
25.01.2017 -
Havyard bygger hybrid PSV
15.04.2014 -
100 offshoredesign fra Ulstein
31.10.2013 -
Ny designkontrakt til Ulstein
29.04.2013