Ulstein fekk kontrakt på yacht

Publisert: 04.11.2016
ulstein-04116.jpg
Fra venstre: salsssjef Ulstein Verft Trond Skodjevåg Bø, skipsdesignar Ulstein Design & Solutions AS Ann Katrin Barstad og Kristian Sætre som er administrerande direktør i Ulstein Verft er tre sentrale personar frå Ulstein Group i yachtprosessen. Foto: Ulstein
Ulstein Verft har inngått kontrakt på bygging av ein yacht for ein privat eigar. Dette blir den første båten for Ulstein innan dette segmentet, går det fram av ei pressemelding.

– Vi er svært glade for at valet fall på vår marine plattform og på vårt verft, dette er ei viktig kontrakt for oss i ein ny og spanande marknad, fortel konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Den marine plattforma og skroglinjene er utvikla av Ulstein Design & Solutions. Eksteriørdesignen og «general arrangement»(GA) teikningar, skal leverast av den anerkjente yacht-designaren Espen Øino.

– Vi har jobba godt og lenge med å utvikle eit solid og robust yacht-prosjekt. Kunden ønskte den karakteristiske X-bow frå Ulstein og saman med Espen Øino, som har ansvaret for eksteriørdesignen og GA-plan, har vi utvikla ei god totalløysing. Vi ser verkeleg fram til å realisere dette prosjektet, seier administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft.

Fartøyet skal leverast første kvartal 2018. Planlegging og engineeringsarbeidet er i gang og prosjektet vil gi arbeid til ein betydeleg del av arbeidsstokken ved Ulstein Verft gjennom 2017. Yachten blir 88,5 meter lang og 16,3 meter brei.
 

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler