Nyheter
Ulstein ferdigstiller offshorevindskip
                                            Publisert: 16.11.2017
                                        
                                        Skroget til Acta Marine sitt nybygg, Acta Auriga, har denne veka kome fram til Ulstein Verft. Fartøyet skal no ferdigstillast og SMST sitt oppdragsutstyr, rørslekompensert gangbru og 3D-kran, vil bli montert på skipet.
– Skipet er av ULSTEIN SX195-design, og skipstypen er eit konstruksjonsstøttefartøy til bruk i offshorevindindustrien. I løpet av dei komande månadene skal skipet bli utrusta og innreidd, testa og prøvekøyrd, fortel kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim i ei pressemelding frå Ulstein Group.
Nederlandske Acta Marine har ein allsidig flåte på over 40 fartøy. Det familieeigde selskapet starta opp i 1970 og opererer globalt i eit breitt spekter av maritime område.
Etter at skipet er levert, ved utgangen av første kvartal 2018, skal Acta Auriga slå følgje med Acta Orion, som er det andre fartøyet i Acta sin flåte dedikert til walk-to-work, offshorelogistikktenester og innkvartering innan offshore fornybar og offshore energibransjen.
Kjenneteikn ved Acta Auriga:
• Sikker og trinnlaus person- og lastoverføring med rørslekompensert gangveg opp til Hs 3,0 meter
• 3D-rørslekompensert knekkbomkran for 6 tonns lasthandtering i sjøforhold opptil Hs 2,5 meter
• Optimal skrogform med ULSTEIN X-BOW® og ULSTEIN X-STERN® for arbeid ved ugunstige værforhold
• Toppmoderne hotellfasilitetar for inntil 120 personar
• 1 000 m2 dekkplass for lastlagring
 
Relaterte artikler
- 
    
- 
    
- 
                                                            Ny kontrakt for Kongsberg Maritime15.02.2024
- 
                                                            Ulstein designar metanoldrivne havvindfartøy15.06.2022
- 
                                                            Kjempekontrakt for Green Yard Kleven16.12.2020
- 
                                                            VARD og Ocean Installer samarbeider31.08.2020
- 
                                                            I gong med utrustinga av nytt havvindskip10.12.2018
- 
                                                            Ny kontrakt til Ulstein31.07.2018
- 
                                                            Nybyggkontrakt til Ulstein Verft07.02.2018
- 
                                                            Ulsteinbygg på prøvetur10.06.2016
- 
                                                            Første vindservicefartøy sjøsett ved Ulstein28.04.2016
- 
                                                            Esvagt velger Havyard-design08.12.2015
- 
                                                            Kontrakt til Uptime med Ulstein Verft08.04.2015
- 
                                                            Ny kontrakt til Ulstein13.01.2015
- 
                                                            Oppstart på største skip frå Ulstein10.11.2014
- 
                                                            Esvagt Froude er ankommet Havyard Leirvik20.08.2014
- 
                                                            Havyard klar til utrustning av brønnbåt21.11.2013
- 
                                                            Ny kontrakt til Fjellstrand10.10.2012