Nyheter
Ulstein gir gåveprofessorat
Ulsteinkonsernet har vedteke å gje eit gåveprofessorat til Høgskolen i Ålesund. - Vi i den maritime klynga skal vere fremst i verda på krevjande marine operasjonar, ei professorstilling vil vere med på å bygge opp under dette, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.
Dette er eit kvantesprang for oss fortel ein fornøgd rektor Geirmund Oltedal ved Høgskolen i Ålesund. - Det er første gang næringslivet er inne og gir ei slik gåve. Det betyr eit løft for utviklinga av den maritime kompetansen og vil styrke forskingsmiljøet i regionen og komme heile den maritime næringa til gode, seier Oltedal som legg til at desse midla truleg også blir avgjerande for å utløyse sentrale forskingsmiddel til høgskulen.
Trass i finanskrise og ein tøff marknad set Ulsteinkonsernet av midlar til ei professorstilling. - Systematisk og langsiktig strategisk satsing på forsking og utvikling er avgjerande for å lykkast. Det er kunnskap vi skal leve av i framtida. Klyngestudiar utført av professor Arild Hervik har mellom anna understreka betydinga av kompetanse- og kompetanseinfrastruktur, seier visekonsernsjef Tore Ulstein og held fram:
- Samarbeid mellom aktørar som Ålesund Kunnskapspark, NCE Maritime, Høgskulen i Ålesund og bedriftene i næringa må utviklast vidare dersom vi skal lykkast globalt. Vi har mykje erfaring og kompetanse som vi systematisk må bygge vidare på. Vi meiner at eit  professorat vil styrke dette arbeidet betydelig. Målsettinga er at vi skal auke kunnskapsnivået og kompetansen slik at vi skaper grunnlag for nye maritime innovasjonar både når det gjeld prosesser, tenester og produkt, understrekar Ulstein.
Første ved Høgskolen i Ålesund
Gaveprofessoratet frå Ulsteinkonsernet er det første som høgskulen har fått. Ein jobbar også for å få på plass feire professorat, til saman fem stykk retta mot krevjande marine operasjonar.
- Det at bedriftene støttar opp om det gode arbeidet som blir gjort ved høgskulane er svært viktig for oss. Professoratet er også viktig for å kunne utvikle fleire mastergradsstudium ved Høgskolen i Ålesund. I dag har vi eit innan produkt og systemdesign og no ønskjer vi å få til eit på skipsdesign, seier professor Hans Petter Hildre som har ei av dei tre professorstillingane ved høgskulen i dag.
Relaterte artikler
- 
                                                            Høg aktivitet for Ulstein i 202404.07.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            Promoterer norskekysten midt på Times Square23.05.2025
- 
                                                            Endra leiing i Ulstein Group29.11.2023
- 
                                                            Ny dagleg leiar ved Myklebust Verft25.04.2023
- 
                                                            - Vi vil gi deg jobb04.04.2023
- 
                                                            Endringar i leiarroller i Ulstein Group14.10.2020
- 
                                                            Ulstein vann pris på Nor-Shipping02.06.2015
- 
                                                            Godt resultat for Ulstein Group13.05.2015
- 
                                                            Gode tal for Ulstein25.04.2013
- 
                                                            Ulstein overraska med nytt brukonsept29.08.2012
- 
                                                            Solide tal og bonus ved Ulstein24.05.2012
- 
                                                            Bonus til alle tilsette i Ulstein Group27.05.2011
- 
                                                            Pris til Gunvor Ulstein07.04.2011
- 
                                                            Ny hederspris til Gunvor Ulstein10.02.2009
- 
                                                            Wista-prisen til Gunvor Ulstein05.02.2009
- 
                                                            Ulstein satsar på nytt selskap06.11.2008
- 
                                                            Stordugnad for maritim kompetanse13.06.2008
- 
                                                            Tilsette i Ulsteinkonsernet får årsbonus18.04.2008
