Nyheter
Ulstein har levert Nexans Aurora
                                            Publisert: 01.06.2021
                                        
                                    Nexans Aurora har vorte levert på tid trass i at ein samtidig har handtert Covid-19-pandemien. Foto: Ulstein.
                                    
                                        Den siste milepælen i bygginga av Nexans Aurora vart nådd i dag, 31. mai 2021, då kabelleggingsskipet, flaggskipet i Nexans-flåten, vart levert frå Ulstein Verft.
Det 149,9 meter lange og 31 meter breie fartøyet er spesialisert i transport og installasjon av undersjøiske høgspentkabelsystem og ei rekke undersjøiske konstruksjonsoppgåver. Nexans Aurora er utstyrt med spesialdesigna utstyr for transport og legging av kabel og umbilical inkludert buntlegging, kabelvern og -spleising.
Fartøyet vil ha ei viktig rolle i Nexans si forsyning av avanserte undersjøiske høgspentsystem for å støtte elektrifisering, slik som samband mellom land og regionar, fornybare offshore-løysingar og elektrifiseringsløysingar for andre offshore-installasjonar.
- Det er ei bragd at Nexans Aurora har vorte levert på tid trass i at ein samtidig har handtert Covid-19-pandemien, med alle implikasjonar, avgrensingar og forseinkingar innan både produksjon, innkjøp, reiserestriksjonar, karantene og mykje meir. Det er ein prestasjon at Ulstein har klart å halde Covid-19 utanom verftsområdet gjennom heile prosjektet, kommenterer Ulstein Group sin konsernsjef, Cathrine Kristiseter Marti.
Ulstein Verft sin prosjektleiar, Hans Karsten Voldsund, understrekar at det gode samarbeidet, innsatsviljen og hardt arbeid av alle involverte har vore heilt avgjerande for at prosjektet har gått så godt.
Nexans sin prosjektleiar, Frode Beyer, seier at han er nøgd og letta etter 36 månader med konstruksjon av fartøyet. - Dette er ein minneverdig dag for prosjektteamet og for Nexans, og eg vil takke alle som har bidratt til suksessen i dette prosjektet. Vi ser no fram til å få Nexans Aurora ut i verda for å bidra til Nexans sitt ønske om å "Elektrifisere framtida" for eit grønare tilvære.
Fartøyet blir døypt i ein seremoni i Ulsteinvik 8. juni, før Nexans Aurora reiser til heimehamna Halden og Nexans sitt kompetansesenter for undersjøiske høgspentkablar.
                                 
Les meir om Nexans Aurora i Maritimt Magasin nr. 7
                                    Relaterte artikler
- 
    
- 
                                                            Vard signerer kontrakt på en tredje CSOV05.05.2025
- 
    
- 
                                                            Ei styrking av det norske klyngesamarbeidet14.01.2025
- 
                                                            AQS Siv – kystens heftigste dykkerbåt12.03.2024
- 
                                                            Blue Ctrl skal levere til ny kabellegger30.01.2024
- 
                                                            Calypso – legger to kabler samtidig14.11.2023
- 
                                                            Brunvoll gjentar for Nexans hos Ulstein17.10.2023
- 
                                                            Larsnes Mek skal bygge ny kombibåt15.02.2023
- 
                                                            Neste generasjons fiskefartøy for Trønderbas01.07.2022
- 
                                                            Opptur med prøvetur på ‘Nexans Aurora’07.05.2021
- 
                                                            Skal bygge batterielektrisk oppdrettsbåt16.11.2020
- 
                                                            Ny arbeidsbåt fra Maritime Partner26.08.2020
- 
                                                            I gang med utrustinga av Nexans Aurora16.06.2020
- 
                                                            Nytt kabelleggingsskip tek form17.10.2019
- 
                                                            Storkontrakt til Brunvoll30.08.2018
- 
                                                            Går sommeren i møte med kjempekontrakt04.07.2018
- 
                                                            Blir testfjord for fremtidsskip29.09.2017
- 
                                                            Utvikler verdens største kabellegger29.08.2017
- 
                                                            Kontrakt til Fiskerstrand Verft04.02.2009