Nyheter
Ulstein introduserar X-Stern
                                            Publisert: 26.08.2014
                                        
                                    Ulstein Group introduserer X-Stern, ei ny utforming av skipa sin akterende. Løysinga aukar operabiliteten gjennom positiv innverknad på dynamisk posisjonering, bølgjerespons, komfort og sikkerheit under tøffe forhold.
Eit fartøy med X-Stern kan halde posisjonen med akterenden mot bølgjer, vind og straum sjølv under tøffe vêrforhold. For fartøy der best moglege rørsleeigenskapar er avgjerande, vil moglegheita til å plassere X-Stern i staden for baugen mot vêret vere kapteinen sitt naturlege val.
X-Stern fører til redusert stamping og bølgjedriftskrefter, og eliminerer slag frå sjøen. Andre positive verknader er redusert kraft- og drivstofforbruk medan skipet ligg på posisjon, eller moglegheita for å operere i ein breiare sektor med same kraftforbruk.
X-Stern har fleire av dei same eigenskapane som X-Bow, og har i tillegg isbrytande eigenskapar. Utforminga reduserer akselerasjon, hiv og stamping, gir betre komfort og sikkerheit, og aukar det operasjonelle vindauget. Som følgje av hekkforma og det innelukka akterdekket vert det ikkje kasta sjø inn på dekk, og ein reduserer isdanning i kaldt klima.
– Ein innovasjonsprosess er ein lang prosess, der vi arbeider strategisk med å kome fram til sikrare, smartare og grønare løysingar, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef og sjef for marknad og innovasjon i Ulstein.
– Vi diskuterer operasjonelle utfordringar med kundane våre, og arbeider for å overføre desse utfordringane til tekniske løysingar som kan verte salbare produkt. Vi har søkt om patent på
X-Stern i fleire land, inkludert USA og EU.
I 2005 lanserte Ulstein Group X-Bow til marknaden, eit designelement som aukar komforten om bord og gir moglegheita anten til å halde oppe farta i dårleg vêr eller redusert drivstofforbruk. I dag er nærare 100 X-Bow-fartøy bygde eller har vorte leverte over heile verda. X-Stern tek eit nytt steg i å auke fartøyet sin operabilitet endå meir.
Relaterte artikler
- 
                                                            Felles appell frå dei norske verfta18.08.2025
- 
    
- 
                                                            Høg aktivitet for Ulstein i 202404.07.2025
- 
    
- 
                                                            Endringer i ledelsen til HAV Design23.06.2025
- 
                                                            På plass i ny jobb02.08.2024
- 
                                                            Havyard Leirvik vinner nybyggskontrakt20.11.2023
- 
                                                            Ny dagleg leiar ved Myklebust Verft25.04.2023
- 
                                                            Derfor nekter han å gi opp03.03.2023
- 
                                                            Sommerutfordringer i verftsindustrien28.06.2022
- 
                                                            Visjonen kan bli verkeleg28.04.2022
- 
                                                            Verftene vil bygge for Sjøforsvaret04.04.2022
- 
                                                            Grønn flåtefornyelse i sakte fart16.11.2021
- 
                                                            - Norge mangler en politikk for skipsverft30.09.2021
- 
                                                            Konkurranseevnen til norsk skipsbygging10.08.2021
- 
                                                            Stor ombyggingskontrakt for HAV Design26.05.2021
- 
                                                            Har utviklet en helt ny serie fiskefartøy04.05.2021
- 
                                                            Ønsker tiltak for store nybyggingsverftene03.03.2021
- 
                                                            Venstrestatsråden fredar nettolønnsordninga10.02.2020
- 
                                                            Bygges ikke i Norge likevel01.06.2018
- 
                                                            Fortsatt ikke tid for noe hvileskjær07.11.2017
- 
                                                            Farlegast å jobba på mindre fartøy27.09.2017
- 
                                                            Verftskonferansen ser fremover01.11.2016
- 
                                                            Verftskonferansen er i gang03.11.2015
- 
                                                            Hundre år med skipsbygging03.07.2015
- 
                                                            Ny kontrakt til Havyard01.07.2015
- 
                                                            Ny maritim strategi fremlagt29.05.2015
- 
                                                            Klar beskjed til den nye regjeringen05.11.2013
- 
                                                            Regjeringen vil styrke maritime næringer30.08.2013
- 
                                                            Ny designkontrakt til Ulstein29.04.2013
- 
                                                            Ulstein overraska med nytt brukonsept29.08.2012
- 
                                                            Nye Artus tar form04.04.2011
- 
                                                            Regjeringen på rett kurs13.03.2009
