Nyheter
Ulstein lanserar X-Stern Extender
                                            Publisert: 02.06.2015
                                        
                                    X-Stern er allereie ein innovasjon som utvidar det operasjonelle vindauget og gir kapteinen eit val om å kunne sette akterenden, i staden for den høgare og større baugen, mot vind, bølgjer og straum når skipet skal vere på posisjon (DP). Den nyutvikla X-Stern Extender-løysinga kan bli nytta både ved ombyggingar og ved nybygg.
– Ulstein eit innovativt selskap som set pris på dei utfordringane som kjem frå olje- og gassindustrien. Vi likar å tenkje utanfor boksa. Det å løyse utfordringar, som det å redusere kostnadene som ligg i olje- og gassutvinning held oss skjerpa, slik at vi kan bidra til å vidareutvikle den maritime industrien, kommenterer Tore Ulstein, som er visekonsernsjef og sjef for Marknad og Innovasjon i Ulstein Group.
– Vi har no utvikla X-Stern vidare, og gjort eit konseptstudium der vi har sett på ein X-Stern som kan køyrast ut frå resten av skroget. Dette gjer at skipet sine operasjonsområde aukar. Det skjer ikkje berre ved at skipet kan bruke akterenden mot veret, men også ved å tilføre nye moglegheiter for å utføre arbeid ved at Extender, når den er køyrt ut, også inneheld ein stor moonpool. Dette er viktig når det gjeld sikkerheit i subseaoperasjonar. Skipet kan sette ned subseautstyr gjennom den utstrekte moonpoolen ved å bruke kraner eller ei A-ramme.
Det er gjort hydrodynamisk simulasjon (CFD) for vanlege bølgjeforhold for Nordsjøen. Resultata viser at rørslene i sjøen i moonpool er reduserte med 50% samanlikna med forholda utanfor moonpoolen, og at det ikkje kjem grøn sjø på dekk.
– Vi meiner ein moonpool i aktre del av skipet er ei betre løysing enn å skulle gjere subseaarbeid over skipssida, noko som kan vere risikabelt og som er svært avhengig av veret. Sjølv for eit subseafartøy som til vanleg har ein moonpool midt i skipet, vil ein få frigitt verdifullt og sentralt plassert dekksareal og skrogvolum ved at moonpoolen heller er plassert akterut.
– X-Stern Extender er tilleggsutstyr, og ikkje ein del av skipsstrukturen. Det er difor ikkje medrekna i skipet si totale lengde. Dette er viktig når det gjeld å kutte kostnader. Dødvekta, drivstofforbruket og dei operasjonelle kostnadene for eit fungerande subseaskip vil verte redusert. Eit positivt tillegg til desse operasjonelle aspekta er dei sentrale eigenskapane til X-Stern: Eit akterdekk som er beskytta mot veret, ekstra volum og mjukare rørsler.
Relaterte artikler
- 
                                                            Høg aktivitet for Ulstein i 202404.07.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            Ulstein har utvida designporteføljen28.11.2023
- 
                                                            USV AS bestiller første ubemannede fartøy18.07.2023
- 
                                                            Vard Electro lanserer SeaQ Remote15.07.2022
- 
                                                            Har utviklet en helt ny serie fiskefartøy04.05.2021
- 
                                                            SunStone Ships erklærer skip ved Ulstein07.11.2018
- 
                                                            Ny storkontrakt til Ulstein05.10.2018
- 
                                                            Først ute med Ulstein X-Bow ekspedisjonsskip19.05.2017
- 
                                                            Bestiller cruiseskip med X-bow20.03.2017
- 
                                                            Første vindservicefartøy sjøsett ved Ulstein28.04.2016
- 
                                                            Ulstein vann pris på Nor-Shipping02.06.2015
- 
                                                            Ulstein introduserar X-Stern26.08.2014
- 
                                                            Designkontrakt til Ulstein29.10.2013
- 
                                                            Uksnøy først med nytt fremdriftssystem15.02.2013
- 
                                                            Ulstein overraska med nytt brukonsept29.08.2012
- 
                                                            Nytt brokonsept fra Havyard16.07.2012
- 
                                                            Nytt konsept fra STX på oljeoppsamlingsskip25.08.2010
- 
                                                            Ulstein X-Bow også til nærskipsflåten25.11.2008
