Ulstein leverer sitt andre polarskip til Lindblad

Publisert: 01.10.2021
Ulstein verft har levert National Geographic Resolution til  Lindblad Expeditions Holdings, Inc.   Ekspedisjonscruiseskipet er av typen CX104 og det er Ulstein Design & Solutions AS som står bak designet. Skipet er no klart til å ta med passasjerar på jomfrutur med start 17. ovember til Antarktis, Sør-Georgia og Falklandsøyene.

‘National Geographic Resolution’ har romsleg med plass til 126 passasjerar, i tillegg til mannskapet. Ulstein sine designarar har utvikla ei topp moderne ekspedisjonsplattform for Lindblad der sikkerheit og komfort er vektlagt. Eit grunnleggande designtrekk er X-BOW®-løysinga som reiarlaget spesielt etterspurde, denne er drivstoffeffektiv og betrar komforten om bord i møte med sjøen.  

På eit skip med ein tradisjonell baug må passasjerane lene seg over skipssida og kike bakover ned mot vasslinja. På dette skipet vil dei kunne sjå rett ned i sjøen. Baugområdet er derfor ofte ein samlingsstad tidleg om morgonen. Det er her du kan stå og kike etter kvalar, pingvinar og delfinar. Skipet har også mange soner i forskipet der passasjerane kan sjå rett ned til vasslinja i fronten og observere korleis skipet pløyer seg gjennom sjøen. 

Den store, opne brua inviterer til besøk, der kan gjestane kome og sjå korleis skipet vert manøvrert. Frå brua kan dei gå direkte ut på dekket og ta bilete.

Med isklasse  PC5 kan skipet gå langt inn i dei polare områda. Skipet har utvida tankar for drivstoff og vatn som gjer at det kan dra på lengre turar til meir fjerntliggande område; medan nullfarts-stabilisatorar gjer at komforten vert best mogleg når skipet stoppar opp for å observere dyreliv eller når ein skal om bord i gummibåtane for utflukter. Skipet er utstyrt med utsleppsreduserande løysingar som tilfredsstiller EPA Tier 4/IMO Tier III utsleppsstandardar. 

– Vi er svært nøgde med at Ulstein Verft har evna å levere eit polarskip til Lindblad på den kontraktsfesta leveringsdatoen. Det har vore eit godt og tett samarbeid med Lindblad Expeditions, alle våre leverandørar og partnarar i prosjektgjennomføringa av dette flotte, nye polarskipet. Lindblad er ein erfaren og innovativ reiseaktør, og bestemte seg tidleg for også å vere ein pioner med å ta i bruk X-BOW i cruisesegmentet. Vi er takksame for tilliten som Lindblad har vist oss og gler oss til å sjå tilbakemeldingane frå ‘National Geographic Resolution’ sine første turar, seier Cathrine Kristiseter Marti, konsernsjef i Ulstein.

Lindblad Expeditions overtok sitt første polare nybygg frå Ulstein Verft i 2020, ‘National Geographic Endurance’, som skal i gong med Antarktis-sesongen 2021 i november. 
Les meir om skipet i Maritimt Magasin nr. 11

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler