Nyheter
Ulstein Power & Control leverer utstyrspakke til fire skip
                                            Publisert: 09.02.2011
                                        
                                    Ulstein Power & Control har fått i oppdrag å levere ei komplett power- og styringspakke til fire plattform forsyningsskip. To av skipa er underbygging ved ETP-verftet i Brasil, medan to skal byggast ved Ulstein Verft i Ulsteinvik.
Ulstein Power & Control (UPC) har totalansvaret for systemintegrasjonen i dei fire skipa, noko som inneber at selskapet skal kvalitetssikre og følgjeopp kravspesifikasjonane for skipa.
– Vi planlegg kva utstyr som passar i skipa ut frå krava til fart, økonomi og driftsprofil. Ut frå dette skal vi levere ei komplett power- og styringspakke, som også inkluderer ei powerløysing for elektrisk propulsjonsom vi har arbeidd med over tid, fortel Egil Rødskar, som er produktsjef powerløysingar i UPC. – Det er powersystemet som produserer og distribuerer energi og drivløysingar til propellane, og dette må setjast saman på ein god måte slik at det kommuniserer godt, forklarar han.
– Skipa er kompakte plattformskip av typane Ulstein PX121 og P801. Samspel mellom elektroselskap og designselskap, og mot byggjeverfta, bidreg til få fram dei best eigna produkta. Rette val av produkt verkar inn på effektiviteten i produksjonsmetodar og byggemetodikk hos verfta, og tverrfagleg samarbeid aukar graden av innovasjon, understrekar Rødskar.
Administrerande direktør Gunnar H. Hide i UPC legg til at Ulstein Group har eit sals- og servicemiljø i Brasil som følgjer opp byggeprosjekta både på design- og systemløysingar. – Etter at skipa er leverte, har UPC også eit serviceapparat som følgjer opp skipa. Ulstein Group satsar stort på komplette, integrerte kontroll- og powersystem inkludert elektrisk propulsjon, og fokuserer på å byggje opp kompetansen i Ulsteinvik for å møte etterspurnaden etter slike system, fortel han.
Relaterte artikler
- 
                                                            Ny kontrakt i ny marknad for Mare Safety16.12.2024
- 
    
- 
    
- 
                                                            Pon Power leverer hovedmotorer til OESV28.10.2024
- 
                                                            Ny kontrakt for Kongsberg Maritime15.02.2024
- 
                                                            Blue Ctrl skal levere til ny kabellegger30.01.2024
- 
                                                            Purus Wind og Vard har valgt Brunvoll10.08.2023
- 
                                                            Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein06.07.2023
- 
                                                            Vard Electro lanserer SeaQ Remote15.07.2022
- 
                                                            Storordre på thrustere06.03.2020
- 
                                                            Ulstein Power & Control med stor leveranse23.02.2017
- 
                                                            Ny suksess fra Ulstein10.02.2017
- 
                                                            Storkontrakt til ABB Ulsteinvik15.02.2016
- 
                                                            Ulstein vann kontrakt på systemleveransar01.10.2015
- 
                                                            Ny kontrakt til Ulstein13.01.2015
- 
                                                            Rekordkontrakt til Pon Power28.05.2014
- 
                                                            Ordre på 24 millioner til Scana Volda01.08.2008
- 
                                                            Stor NOx-ordre til Wärtsilä19.06.2008
