Nyheter
Ulstein skal byggje polarskip nummer to for Lindblad
                                            Publisert: 28.02.2019
                                        
                                    Ekspedisjonscruiseskipet er designa av Ulstein. Skipet skal byggast på Ulstein Verft med levering I 2021. Ill: Ulstein
                                    
                                        Ulstein Group skal byggje eit polarskip nummer to for Lindblad Expeditions Holdings, Inc.
Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er ein verdsleiande leverandør av ekspedisjonscruise og opplevingsreiser. Reiarlaget har frå før ein skipsbyggingskontrakt på plass ved Ulstein Verft. Skip nummer éin, National Geographic Endurance, skal leverast i første kvartal 2020.
– Vi er svært nøgde med at Lindblad, ein verdsleiande aktør innan ekspedisjonscruise, igjen har valt Ulstein som designar og byggjar av det nye ekspedisjonscruiseskipet deira. Dette er ei tillitserklæring til alle våre tilsette, seier Ulstein sin konsernsjef, Gunvor Ulstein. Ho held fram:
– Lindblad er ein kompetent og erfaren kunde, og vi ser fram til eit fortsatt godt og konstruktivt samarbeid med dei.
Fartøyet blir bygd ved Ulstein Verft i Ulsteinvik, og er planlagt levert i tredje kvartal 2021. Polarskipet er systerskip til National Geographic Endurance, og har den høgaste isklassa (PC5 Category A) som har blitt tatt I bruk for spesialbygde passasjerfartøy, Det er utstyrt med Ulstein sin X-BOW®, som gir ei jamn og komfortabel reise sjølv ved høg sjø i mot, noko som også fører til auka drivstoffeffektivitet og reduserte utslepp.
Som systerskipet vil det nye skipet ha plass til 126 passasjerar i 69 romslege lugarar og suiter, og er designa for at gjestane skal kunne ha nær kontakt med naturmiljøet og vere ei ultimat plattform for utforsking. 75 prosent av lugarane har balkongar der ein kan nyte utsikta, der er fleire observasjonsdekk både inne og ute, og observasjonsvingar, noko som gjer at det omliggande miljøet til ei kvar tid vil vere tilgjengeleg.
Ekspedisjonar ut frå skipet er forenkla gjennom eit innovativt festesystem for gummibåtar, noko som gir rask og trygg tilgang til ein kvar destinasjon. Skipet har eit breitt utval av ekspedisjonsmateriell, til dømes kajakkar, langrennsski, ein fjernstyrt miniubåt, undervassmikrofonar, eit videomikroskop, undervassvideokamera med meir
                                 
Relaterte artikler
- 
    
- 
    
- 
                                                            Her er de tre nominerte til Ship of the Year11.06.2021
- 
                                                            National Geographic Resolution er sjøsett10.06.2021
- 
                                                            Fridtjof Nansen overlevert20.12.2019
- 
                                                            Hit skal Hurtigrutens nye ekspedisjonsskip27.08.2019
- 
                                                            ABB vinner ny Ulstein-ordre11.04.2019
- 
                                                            SunStone Ships erklærer skip ved Ulstein07.11.2018
- 
                                                            Bestiller enda en hurtigrute fra Kleven25.10.2018
- 
                                                            Leverte sitt første ekspedisjonscruiseskip18.06.2018
- 
                                                            Vant designkontrakt for ekspedisjonsskip13.06.2018
- 
                                                            Hybrid satsing på norskekysten27.11.2017
- 
                                                            Prestisjekontrakt til Ulstein Verft07.11.2017
- 
                                                            Vard Søviknes skal levere cruiseskip12.08.2016
- 
                                                            Hurtigruten kjøper nytt ekspedisjonsskip30.06.2015
- 
                                                            NCL med topp moderne cruiseskip21.03.2014