Nyheter
Ulstein startar produksjon i Kina
Produksjonslokala til Ulstein Marine Equipment i Kina vart opna 16. oktober. Selskapet skal produsere elektrokomponentar og systemløysinga utvikla av Ulstein Elektro.
- På sikt skal produksjonen i Kina vere med på å styrke miljøet vårt og auke konkurransekrafta vår også her i regionen, fortel visekonsernsjef  Tore Ulstein i Ulsteinkonsernet.
Produksjonsaktivitetane til Ulstein Marine Equipment er plasserte i eit 2000 kvadratmeter stort lokale i Ningbo i Kina. Ulsteinkonsernet har også eit representasjonskontor i Shanghai. Både selskapet i Shanghai og i Ningbo erbygd opp av administrerande direktør for selskapa, Vidar Eikrem.
Eivin Sæther er viseadministrerande direktør for Ulstein Marine Equipment,og skal leie produksjonen som ei produksjonsavdeling for Ulstein Elektro. 
- Kina har stor skipsbyggingsaktivitet, og denne marknaden er sværtrelevant for Ulsteinkonsernet. Vi har ein strategi om å vekse internasjonalt, og Kina har vore eit satsingsområde gjennom fleire år. I seinare tid har Ulsteinkonsernet vist at vi er i stand til å dele kompetanse og erfaringar med aktørar i andre land, seier Tore Ulstein og held fram: - Ved å etablere produksjon av elektrokomponentar i Ningbo vil vi kunne levere fleire gode system og løysingar til Ulsteindesign som er under bygging i Kina. I tillegg vil vi på sikt kunne auke Ulsteinkonsernet sintotale produksjonskapasitet av elektrokomponentar og systemløysingar. Vi vil halde fram med produktutvikling og produksjon i Noreg, medan vi ser der kan vere mykje å hente på å gjere enklare produksjon i utlandet, seier Tore Ulstein.
Relaterte artikler
- 
    
- 
                                                            Høg aktivitet for Ulstein i 202404.07.2025
- 
    
- 
                                                            Ulmatec leverer til nye Olympic-skip02.06.2025
- 
                                                            Ei styrking av det norske klyngesamarbeidet14.01.2025
- 
                                                            Kom fram til Ulstein Verft15.01.2024
- 
                                                            Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein06.07.2023
- 
                                                            Kjølstrekk to vindfartøy med Ulstein-design30.11.2022
- 
                                                            Ulstein vann kontrakt på systemleveransar01.10.2015
- 
                                                            Siste av 12 PSV med Ulstein-design frå Kina06.11.2014
- 
                                                            Nok ein designkontrakt til Ulstein08.04.2014
- 
                                                            Ulstein med nye designkontrakter13.08.2013
- 
                                                            Gode tal for Ulstein25.04.2013
- 
                                                            COSCO skal bygge Ulstein-design07.03.2013
- 
                                                            Ulstein med tolv designleveransar21.09.2012
- 
                                                            Kinesisk verftsgigant til Sunnmøre08.12.2011
- 
                                                            Ulstein etablerer nytt selskap10.08.2011
- 
                                                            Kjølstrekkseremoni for Havyarddesign i Kina15.03.2011
- 
                                                            Ulstein satsar på nytt selskap06.11.2008
- 
                                                            Ulstein skal levere 12 designpakker19.05.2008
