Nyheter
Ulstein Verft skal bygge Color Lines nye hybridskip
Ulstein vann kontrakten i konkurranse med fleire andre verft, heiter det i ei pressemelding frå konsernet.
25. januar i år vart intensjonsavtalen mellom Color Line og Ulstein kjent. No er altså avtalen kontraktsfesta .
- Det er svært gledeleg at norsk verftsindustri har vist seg internasjonalt konkurransedyktig og at Color Line bidreg til ei vidareutvikling av norsk maritim næring, seier konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line.
Det 160 meter lange skipet, med arbeidsnamnet Color Hybrid, kan ta med 2 000 passasjerar og 500 bilar. Det vil ha nesten dobbel kapasitet som Bohus, som etter planen skal fasast ut når den nye ferja skal verte sett i drift sommaren 2019. Skipet vil gi vesentleg auka kapasitet på strekninga mellom Noreg og Sverige, og vil representere eit utvida og forbetra servicetilbod om bord og dermed ei ny og betre reiseoppleving.
Det nye skipet vil bli bygd til norsk flagg og bli registrert i Norsk Ordinært Skipsregister (NOR). Color Line er i dag det einaste reiarlaget i den internasjonale passasjer- og godstrafikken til og frå Noreg med skip i norsk skipsregister og med norsk hovudkontor.
I pressemeldinga står det at den totale sysselsettingseffekten av bygginga representerer om lag 950 årsverk, i følge ei analyse utarbeidd av MENON.
Relaterte artikler
-
– Vi må ville det nok
04.11.2025 -
-
Høg aktivitet for Ulstein i 2024
04.07.2025 -
-
Endra leiing i Ulstein Group
29.11.2023 -
Derfor nekter han å gi opp
03.03.2023 -
Endringar i leiarroller i Ulstein Group
14.10.2020 -
Egil Ulvan Rederi 100 år
29.04.2019 -
Hundre år med skipsbygging
03.07.2015 -
Godt resultat for Ulstein Group
13.05.2015 -
Gode tal for Ulstein
25.04.2013 -
Ulstein overraska med nytt brukonsept
29.08.2012 -
Wista-prisen til Gunvor Ulstein
05.02.2009