Nyheter
Ulstein Verft tilset ny økonomisjef/viseadministrerande direktør
Publisert: 29.09.2011
Sindre Rotevatn (51) er tilsett som ny økonomisjef og viseadministrerande direktør i Ulstein Verft AS. Han tek til i stillinga i november. – Ulstein er eit spanande konsern og eg ser med forventning fram til å starte i rolla som økonomisjef og viseadministrerande direktør i Ulstein Verft, seier Rotevatn. Han kjem frå stillinga som Senior Vice President Business Process Improvement i Saferoad Group, der han før har hatt stillinga som økonomidirektør. Tidlegare har han blant anna vore tilsett som økonomisjef i Ørsta-gruppen, Ørsta Stål og Møremøbler. Rotevatn har også erfaring frå banksektoren. – Vi er svært glade for å få Sindre Rotevatn med på laget. Som økonomisjef og viseadministrerande direktør vil han spele ei sentral rolle i selskapet, seier administrerande direktør i Ulstein Verft, Karsten Sævik. Sindre Rotevatn tek over stillinga som viseadministrerande direktør etter Sigurd Viseth, som no går over i stillinga som administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions AS. Viseth vert óg områdeleiar for forretningsområdet Design & Solutions i Ulstein. Han tek over desse rollene etter Tore Ulstein, som held fram i stillinga som visekonsernsjef i Ulstein. Tore Ulstein er óg styreleiar i Ulstein Group ASA. Rotevatn tek over stillinga som økonomisjef etter Hans Børre Fiskaa, som går over i ei ny stilling i salsavdelinga i Ulstein Design & Solutions |
Relaterte artikler
-
Ny dagleg leiar ved Myklebust Verft
25.04.2023 -
Endringar i leiarroller i Ulstein Group
14.10.2020 -
Olav Nakken blir ny sjef ved Kleven Verft
01.10.2018 -
Kristian Sætre ny sjef i Ulstein Verft
08.03.2013 -
Alme ny direktør ved Fiskerstrand Verft
18.11.2009 -
Utseth konstituert adm.dir. ved Fosen
22.09.2008