Nyheter
Ulstein Verft utrustar nytt cruiseskip for Lindblad Expeditions
Publisert: 23.10.2020
Skroget av National Geographic Resolution, eit ekspedisjonscruiseskip for polare reiser, er no på plass ved Ulstein Verft og eit omfattande utrustingsarbeid kan starte opp. For tida er ekspedisjonscruisereiser sett på vent, som følgje av den verdsomspennande koronasituasjonen. ‘National Geographic Resolution’ er framleis planlagt for levering i 2021.
Skipet vert bygd for Lindblad Expeditions. Skipsskroget skal no inn i dokkhallen til verftet, der ein tek til med isoleringsarbeid, elektroinstallasjonar og innreiing av passasjerdelen. Hovudutstyret, mellom anna motorar og thrusterar, har vorte installerte i Polen.
Ved kaia på Ulstein Verft ligg også søsterskipet, National Geographic Endurance, som vart levert i mars i år, og som skal på jomfrutur så fort Lindblad startar opp att reiseaktiviteten.
SKIL SEG UT
Cruiseentusiastar over heile verda følgjer ivrig med på desse to prosjekta. Utsjånaden på skipa skil seg ut frå andre cruiseskip, med X-BOW-skroget som eit svært synleg designkjenneteikn, opphavleg utvikla for offshoreskip som arbeider under dei røffaste forholda i verda. X-BOW-skroget pløyer seg fram gjennom bølgjene, og slag og påfølgande vibrasjonar frå sjøen vert reduserte. Med det vert også komforten om bord betra. National Geographic Resolution er optimalisert for redusert miljøpåverknad. Mjukare rørsler fører til redusert drivstoff-forbruk og dermed ein reduksjon i skadelege lokale utslepp.
Eit anna aspekt med X-BOW® er den uhindra utsikta, som gir optimale moglegheiter til å observere dyrelivet. Designet gjer det mogleg å sjå rett fram og rett ned langs skutesida utan å måtte lene seg framover.
STORT OG KOMFORTABELT
National Geographic Resolution har mykje rom å tilby passasjerane når dei er på sitt livs ekspedisjonsreise. Med sine 124,4 meter i lengde har fartøyet plass til berre 126 passasjerar. Dei 69 romslege lugarane og suitene inkluderer 12 enkeltlugarar.
Skipet har høg komfortklasse med førsteklasses service for å gi gjestane eit roleg og fredeleg miljø om bord. Spa- og treningsområda inkluderer behandlingsrom, badstuer, treningsrom, avslappingsområde og yogarom, samt to boblebad med glasveggar ut i sjøen for å kunne slappe av i nær kontakt med naturen. Mattilboda omfattar ein hovudrestaurant med eineståande utsikt, og eit utandørs grill- og bistroområde.
Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er eit selskap som tilbyr ekspedisjonsreiser, og samarbeider med National Geographic for å inspirere folk til å utforske og bry seg om planeten. Gjennom dette samarbeidet vert det laga marine ekspedisjonsprogram som skal fremje naturvern og berekraftig turisme. Reisene er pedagogisk orienterte, der gjestane får møte og lære av leiande forskarar, samtidig som dei utforskar fantastiske naturmiljø både over og under sjøen ved bruk av toppmoderne leiteverktøy. I 2019 vart Lindblad eit karbonnøytralt selskap som kompenserer for alle karbonutslepp frå sine aktivitetar.
Ulstein har hovudkontor i Ulsteinvik og leverer produkt og tenester innan skipsdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. I meir enn 100 år har dei skapt morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar saman med sine partnarar. Sidan lanseringa av X-BOW® i 2005 har meir enn 100 X-BOW®-skip vorte leverte frå Ulstein Group.

Relaterte artikler
-
NGU får nytt forskningsfartøy høsten 2022
01.07.2021 -
Her er de tre nominerte til Ship of the Year
11.06.2021 -
National Geographic Resolution er sjøsett
10.06.2021 -
Fridtjof Nansen overlevert
20.12.2019 -
Prestisjekontrakt til Ulstein Verft
07.11.2017