Ulstein Verft vinner kontrakt

Publisert: 15.07.2009



Ulstein Verft har vunne kontrakten med GIEK og Sparebank 1 SR-Bank om ferdigstilling av eit stort ankerhandteringsfartøy for Solstad. Skipet kjem frå det konkursramma Karmsund Maritime Service AS, og vert ein viktig brikke for å fylle opp produksjonskapasiteten ved verftet.

- Solstad har vore ein viktig kunde for Ulstein i ei årrekkje, og dette er ei moglegheit til å gjenoppta det tette og gode samarbeidet vi har hatt tidlegare. Vi har samarbeidd om fleire prestisjeprosjekt tidlegare som til dømes bygginga av Normand Installer og Normand Seven. Sistnemnde vart Årets skip 2007. Vi ser fram til å kunne utvikle oss vidare saman med Solstad,seier administrerande direktør Karsten Sævik i Ulstein Verft.

Skipet er av typen VS 490 AHTS frå Wärtsilä Ship Design. Det er 91 meter langt, 22 meter breitt, har ei innreiing for 58 personar og får ei dødvekt på om lag 4500 tonn. Arbeidet på skroget vart stoppa i samband med konkursen, men vert slept til Ulstein Verft i midten av august. - Det å fullføre eit slikt prosjekt er krevjande, men Ulstein Verft er i ein svært god posisjon for å gjennomføre denne type prosjekt då vi har naudsynt kompetanse og kapasitetar i verksemda, fortel Sævik.

- I og med at vi vart einige med Eidesvik om å utsette byggnummer 285 og 286, fekk vi ei opning til å ta på oss meir arbeid i perioda som bygg 290 no vil fylle. Skipet skal leverast til reiarlaget på våren 2010. Dette er først og fremst viktig arbeid for engineeringsområdet vårt som elles ville fått mindre å gjere utover hausten 2009. I tillegg vil dette prosjektet også vere viktig for andre område i verftet, avsluttar Sævik.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler