Nyheter
Vard i forhandlingar om Kystvakt-skip
Publisert: 12.10.2017
– I september 2016 offentleggjorde regjeringa at det skulle byggjast tre nye skip til Kystvakta som erstatning for dei tre skipa i Nordkapp-klassen. No har vi sett på tilbodet frå dei tre verfta som ønska å byggja skipa, og vi har valt å forhandla vidare med Vard Group AS Langsten, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.
Det er i eit presseskriv frå Forsvaret at Søreide uttaler dette.
Dei to andre verfta som ønskte å byggja skipa var Westcon Yards AS og Kleven Verft AS. Alle dei tre verfta held til på Vestlandet.
I fall det ikkje blir ein avtale med Vard Group AS Langsten, vil eit av dei to andre verfta bli kalla inn igjen til forhandlingar. Tidsplanen som er sett for bygging av dei tre skipa er følgd, og planen seier at Stortinget skal få saka til endeleg godkjenning i 2018. Det fyrste fartøyet skal leverast i 2022.
Av omsyn til Forsvarets behov innanfor beredskap og forsyningssikkerhet og for å sikre kompetansen i Norge, vart det avgjort at det berre var norske verft som kunne delta i konkurransen. Alle dei tre verfta har konkurransedyktige tilbod med stort innslag av norske leveransar, kjem det fram av presseskrivet.

Relaterte artikler
-
Vard kan og vil bygge for Forsvaret
23.09.2024 -
Verftene vil bygge for Sjøforsvaret
04.04.2022 -
Kleven, Vard og Westcon i kontraktskamp
20.06.2017 -
Vard-verft skal vedlikeholde kystvaktfartøy
06.03.2017 -
Forlenget fregattavtale
13.05.2015