Viking Poseidon levert

Publisert: 14.01.2009


Viking Poseidon forlet Ulsteinvik for påsetting av ei 250 tonns kran før jul. Tysdag 13. januar vart skipet levert til Eidesvik Offshore.

- Reiarlaget er allereie over seg av forventningar til skipet. Vi tok skipet rundt Stadt med vind i orkan styrke før jul, og fartøyet viste seg å vere ein svært god sjøbåt, fortel prøveturskaptein og leiar for ettermarknad, Frank Strandebø i Ulstein Verft. Orkanen røska opp sjøen til 12 meter høge bølgjer, og skipet viste gode sjøeigenskapar.

- Det var så vidt vi merka dei store bølgjene. Vi fekk verkeleg erfare at Ulstein X-Bow® fungerer etter intensjonane, seier Strandebø.

Viking Poseidon skal no på oppdrag for Veolia ES Special Services Inc. (USA). Skipet skal vere base for avanserte undervassfartøy (ROV), som skal inspisere og reparere offshoreinstallasjonar i Mexico-gulfen. Kontrakten med Veolia er på åtte år med opsjonar.

Viking Poseidon vil bli presentert i Maritimt Magasin nr. 2/2009, som kjem i februar.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler