Nyheter
Viking Poseidon på sjøen
                                            Publisert: 22.09.2008
                                        
                                    Søndagskveld vart ei ny kjempe sjøsett frå Ulstein Verft. Viking Poseidon er 130 meter langt og 25 meter breitt og skal leverast til Eidesvik. - Sjøsettinga gjekk fint føre seg, og Viking Poseidon vart liggande som ein gigantisk fargeklatt ut på Ulsteinfjorden før ho vart slept til kaia ved Ulstein Verft. Her vil skipet verte ferdigutrusta før levering i desember, fortel dokkansvarleg John Hatløy i Ulstein Verft.
Eidesvik Offshore er eit reiarlag som held til på Bømlo, og er kjende for å ha høg fokus på miljø og innovasjon. Dette er første fartøyet Ulstein byggjer for Eidesvik. I 2010 skal Ulstein også levere to avanserte seismikkfartøy av typen ULSTEIN SX120 til reiarlaget.
Det nye skipet er eit stort subsea-konstruksjonsfartøy, type ULSTEIN SX121med ULSTEIN X-BOW®-design. Det er 130 meter langt, 25 meter breitt og har eit dekksareal på 1720 m2. Fartøyet vil kunne ha eit mannskap på inntil 105 personar. Skipet vert mellom anna utrusta med ei 250 tonns kran, ROV-hangar og helikopterdekk. Skipet vil ha dieselelektrisk framdriftssystem.
I april i år inngjekk Eidesvik ei langtids kontrakt med Veolia ES SpecialServices Inc. (USA) på dette skipet. Kontrakten er på åtte år med opsjonar.
Relaterte artikler
- 
                                                            Viking Polaris er levert28.09.2022
- 
    
- 
                                                            Viking Octantis – største skip bygd av Vard01.02.2022
- 
    
- 
                                                            Viking Neptun fylte Vågen02.03.2015
- 
                                                            Dåp av Viking Neptun i Stavanger27.02.2015
- 
                                                            Gadus Poseidon døpes i dag14.06.2013
- 
                                                            Avansert IMR-fartøy på langtidskontrakt15.02.2013
- 
                                                            Seven Viking klar for Nordsjøen30.01.2013
- 
                                                            Ulstein leverer ny Viking30.08.2012
- 
                                                            Oceanic Sirius er overlevert04.10.2011
- 
                                                            Normand Oceanic døpes lørdag01.04.2011
- 
                                                            Viking Poseidon taklet orkan og store bølger19.02.2009
- 
                                                            Viking Poseidon levert14.01.2009
