Nyheter
WG Columbus første seismikk med Ulstein X-bow
                                            Publisert: 01.04.2009
                                        
                                    Frå prøveturen tidlegare i år var tilbakemeldingane gode. - Reiarlaget var godt nøgde etter at skipet haldt 15 knop trass i 55 knop vind og bølgjer på 3-4 meter, fortel prosjektleiar Mikal Warholm i Ulstein Design. Mick Richardson frå WesternGeco ga melding om at skipet hadde fine, mjuke bevegelsar trass i røffe vêrforhold, fortel Warholm vidare.
Dette er det fyrste seismikkfartøyet som er bygd med Ulstein X-bow. Båten kjem til Miami i USA i desse dagar, der vil det bli utført justeringar av Seismic Track steering i DP systemet med seismikkutstyret satt på sjøen. Dette er førebuande testar før WG Columbus byrjar på sitt fyrste oppdrag i Mexico Gulfen.
WesternGeco kjøpte i desember 2007 Eastern Echo som då hadde fire seismikkskip med Ulsteindesign under bygging ved Barreras i Spania og to Ulstein SX124 fartøy med Ulstein Design under bygging ved Drydocks World i Dubai. WG Columbus er det fyrste skipet, dei fem andre er planlagt levert i løpet av året. Western Geco har sitt hovudkontor i Houston.
Relaterte artikler
- 
    
- 
    
- 
                                                            Først ute med Ulstein X-Bow ekspedisjonsskip19.05.2017
- 
                                                            Første brønnbåt fra Kleven-konsernet24.03.2017
- 
                                                            Første vindservicefartøy sjøsett ved Ulstein28.04.2016
- 
                                                            Ulstein-design til Korea12.02.2013
- 
                                                            GC Rieber kontraherer hos Ulstein01.06.2012
- 
                                                            Polarcus amani døpt ved Ulstein Verft30.03.2012
- 
                                                            Oceanic Sirius er overlevert04.10.2011
- 
                                                            «Skorsteinløst» supplyfartøy21.03.2011
- 
                                                            Polarcus bygger to seismikkskip ved Ulstein19.11.2010
- 
                                                            Ulstein X-Bow også til nærskipsflåten25.11.2008
- 
                                                            Seks nye til Ulstein25.08.2008
- 
                                                            Sjøsetting i Spania13.06.2008
