Nyheter
Overraskande lite is på Nordpolen
Det første forskningstoktet til Polhavet 2050 kom fram til Nordpolen fire dagar før planen. Toktleiar Paul Dodd seier det er mindre is enn dei trudde og at turen opp gjekk overraskande lett.
– Det er mindre is enn vi forventa, så vi kom fram til Nordpolen fire dagar tidlegare enn planlagd, seier toktleiar Paul Dodd frå Norsk Polarinstitutt.
– Vi kunne for det meste køyre i ope farvatn rundt isflaka. Vi brøyt nesten ikkje is i det heile, held han fram.
FF Kronprins Haakon var i området rundt Nordpolen i eit døgn. Forskarane om bord tok prøver av isen og det som lever på og under isen. Gjennom samarbeidet i Polhavet 2050, har forskarane no med seg nytt spesialutstyr, mellom anna eit kamera som kan ta høgoppløyte bilete av dei minste dyra og plantene som lev i isen – zooplankton og fytoplankton.
– Då kan vi sjå korleis næringskjedane i isen endrar seg når istypen vert annleis og temperaturane stig, seier Dodd.
Etter å ha segla over toppen av verda, sette FF Kronprins Haakon kursen vestover i retning Canada. Dei vil då reise lenger vest enn noko anna norsk forskingstokt av denne typen har gjort.
Toktet starta 23. juli frå Longyearbyen, og skal vare i 50 dagar.
I RASK ENDRING
Polhavet er i rask endring som følge av klimaendringene. Innen få tiår forventes sommerisen i stor grad å være borte. Samtidig skjer det omfattende endringer i økosystemer, havstrømmer, klima og naturressurser. Dette vil påvirke både menneskelig aktivitet, samfunnsutvikling og den geopolitiske situasjonen i Arktis.
Polhavet 2050 er et tiårig, tverrfaglig forskningsprogram som samler 18 norske forskningsinstitusjoner. Sammen utvikler vi ny kunnskap om hvordan Polhavet endrer seg, og om konsekvensene for natur, samfunn og næringsliv. Målet er å bidra til et solid kunnskapsgrunnlag for framtidig forvaltning og bærekraftig bruk av havområdene i Arktis.
Relaterte artikler
-
Norge skal lede det internasjonale polaråret
12.08.2026 -
-
FF Kronprins Haakon på vei mot Nordpolen
27.07.2026 -
-
Havila kjøper Polarsyssel [+]
22.04.2025 -
Havilas kystruteflåte komplett [+]
17.08.2023 -
Stor dag for Havila Kystruten [+]
02.08.2023 -
Pontants ekspedisjonsskip når Nordpolen [+]
14.09.2021 -
Polarstar hjem til Brandal [+]
24.08.2017 -
Stril Polar første med polarkode [+]
25.11.2016 -
Hurtigruten hedrer polarhelter [+]
19.10.2016 -
Topp moderne skip til Sysselmannen [+]
24.10.2014 -
Polarsyssel døpt på Svalbard [+]
22.09.2014 -
Stril Polar døpt [+]
10.02.2012 -
Skipstog over polhavet [+]
01.09.2009 -
Hurtigruta 115 år i dag [+]
02.07.2008