Nyheter
Per Sævik fyller 85
Per Sævik er 85 år. Han har alltid vore tett på det som skjer i Havila. Her er han på plass på brua då Havila Castor i 2022 for første gong gjekk inn og ut Geirangerfjord med batteridrift. Foto: John Inge Vikan.
- Ein må forstå si begrensing. Eg har tre etterkomarar som alle er aktive i selskapa våre på ulike område og som har langt betre forutsetningar for å ta selskapet vidare enn eg nokosinne har hatt.
Frå nyttårsskiftet tar dermed Vegard Sævik over som dagleg leiar i Havila Holding, Njål Sævik held fram som styreleiar i selskapet og har ansvar for offshore-satsinga, medan Hege Sævik har ansvar for reiselivssatsinga.
Med over seks tiår bak seg som visjonær leiar, samfunnsbyggjar og maritim entreprenør, ser Per Sævik tilbake på ei karriere prega av både utfordringar og suksessar.
– Heile livet har eg vore driven av ønsket om å skapa noko som varer – ikkje berre for eigen del, men for familien, lokalsamfunnet og kysten. Arbeid har alltid vore ei velsigning, og eg har tru på at det vi bygger saman kan ha verdi for mange, seier Per Sævik.
SKAPE ARBEIDSPLASSAR OG AKTIVITET
Havilagruppa har i dag aktivitet i ei rekke segment i Norge og på Færøyane. I 2024 passerte omsetninga tre milliardar kroner, og konsernet har rundt 1500 tilsette.
Som mellom anna ordførar i Herøy, stortingsrepresentant for KrF, president i Rederiforbundet, styreleiar i Fiskebåtredernes Forbund, Maritimt Forum og Helse MidtNorge, har Per Sævik sett spor etter seg på mange arenaer. I 2012 vart han også utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for skipsfartsnæringa.
– Eg har aldri vore oppteken av makt eller posisjonar. For meg har det handla om å få utretta noko, skape arbeidsplassar og gi folk grunn til å bu og leve langs kysten. Privat verdiskaping og lokalt eigarskap er avgjerande viktig for eit levande Noreg.
NOKO Å LEVE FOR
Per Sævik har bygd opp ei rekkje selskap, og frå dei første åra som fiskar gjennom eit livslangt engasjement for maritim industri, offshore og reiseliv, har han vore ein utrøytteleg pådrivar for verdiskaping og arbeidsplassar langs kysten. I tillegg har kristentrua hans prega både privatliv og forretningsliv, og han har vore ein aktiv støttespelar i kyrkjeleg arbeid der han mellom anna har vore oppteken av å formidle forteljinga om og verdiane til Hans Nielsen Hauge.
- Ein må ha noko å leve for, ikkje berre noko å leve av, seier 85-åringen.
SJÅ MOGLEGHEITER
Sævik har aldri vore redd for utfordringar anten det har handla om å leie selskapet gjennom finanskriser eller å gå inn i nye marknader i moden alder, som å gå inn i reiselivsbransjen som 75-åring:
– Ein må berre prøve – også det ein ikkje har gjort før. Då eg var seks år tok eg ein færing og rodde over fjorden, berre for å sjå om eg greidde det. Det handlar om å sjå og gripe moglegheiter. Så har eg erfart at motgang gjev styrke, og at det er muleg å reise seg igjen, om ein står saman og held fast ved verdiane sine. Bak skyene er himmelen alltid blå.
Slik har Havila utvikla seg frå fiskeri, til offshore, eigedom, transport og reiseliv. Med pågangsmot og satsingsvilje har Sævik mellom anna bygd opp fleire offshore-rederi, og var den utløysande faktoren for dagens offshore-klynge på Sunnmøre. Med Havila Kystruten står han også bak den største reiselivssatsinga på norskekysten nokon gong.
STØDIG KURS FRAMOVER
Per Sævik seier at alt har si tid og at han ikkje vil vere med i noko verdsmeisterskap i kven som held ut lengst. Sjølv om Per Sævik no overlet roret til neste generasjon, vert Havilagruppa vidareført med dei same verdiane og den same kursen.
Dei tre borna har alle vore involverte på tvers av segmenta shipping, offshore og turisme og vil også framover ha eit samla og overordna blikk på Havila si utvikling.
Dei tre borna, Njål, Hege og Vegard, takkar faren for hans livslange innsats, og gler seg over at han fortsatt skal vere ein del av drifta gjennom oppfølging av Havilagruppa sitt engasjement på Færøyane.
- Om Havila
Havilagruppa er eit familieeigd konsern med hovudkontor i Fosnavåg og Havila Holding som morselskap. - Gruppa har røter tilbake til 1950-talet og har utvikla arbeidsplassar og industri i fleire tiår.
- Har aktivitet i ei rekkje segment som offshore, turisme, transport, energi og eigedom gjennom selskap som Havila Shipping, Havila Subsea & Renewables, Havila Kystruten, Havila Hotels og Havila Biogass.
- Havilagruppa har rundt 1500 årsverk i Norge og på Færøyane, og omsette i 2024 for 3,2 milliard kroner
Relaterte artikler
-
-
-
-
25 år med Havila-flagget
30.01.2023 -
-
Uhøytidelig dåp av Havnebris
01.12.2022 -
-
Harald har gått gradene til skipsfører
28.01.2021 -
-
Egil Ulvan Rederi 100 år
29.04.2019 -
-
Ungdommer får prøve seg på Havyard
11.07.2014 -
-
Normand Vision døpt
02.07.2014 -
-
Bergensfjord døpt
06.03.2014 -
-
Kongsborg døpt i Stavanger
17.06.2013 -
-
Sjoborg gikk rett fra dåp og ut i jobb
26.03.2012 -