Nyheter
Brødrene Aa skal bygge ambulansekatamaran
Rødne Ambulanse har teikna kontrakt med Brødrene Aa om levering av ein ambulansekatamaran til Ryfylkebassenget.
Rødne Ambulanse, ein del av L. Rødne og Sønner AS, har inngått kontrakt med Brødrene Aa om bygging av ein ny 22 meter lang ambulansekatamaran. Rødne Ambulanse AS blei tidlegare i år tildelt kontrakt for ambulansebåtdrift til øyane Ryfylkebassenget nord for Stavanger for perioden mai 2021 til mai 2027. Båten skal setjast inn i drifta av dette anbodet.
Var først ute
Rødne Ambulanse har stått for ambulansedrifta i dette området i mange år. I dag blir tenesta utført av Rygerdoktoren som blei levert av Brødrene Aa i 2002. Rygerdoktoren var ved levering verdas fyrste kommersielle karbonfiberbåt, og den markerte samstundes eit tidsskilje for Brødrene Aa som verft med introduksjonen av karbonfiber som byggemateriale.
(Maritimt Magasin hadde i sin tid omtale av Rygerdoktoren. Les mer på denne linken). Snart 20 år seinare vert den nye ambulansebåten Rødne sin båt nummer 21 frå Brødrene Aa, deira tolvte i karbonfiber.
Viktig kunde
– Vi er naturlegvis svært glade for at vi har fått denne kontrakten med Rødne, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa, i eit presseskriv.
– Rødne syner seg igjen som den viktige kunden dei er for oss, og som den gode samarbeidspartnaren dei har vore over mange tiår. Det at vi kan levere fartøy til alle båtsegment som Rødne driv tenester innanfor, både rutetransport, sightseeing og ambulansetenester stadfester dette.
Betre ambulansetilbod
Den nye ambulansebåten gjev ei vesentleg forbetring av ambulansetilbodet i Ryfylket. Med ein toppfart på 35 knop vil båten kunne respondere raskt på kritiske oppdrag og dekke store avstandar på kort tid. Katamarandesignet gjev ein stabil og stødig båt med plass til eit romsleg ambulanserom utstyrt med moderne medisinsk utstyr. Det er også lagt stor vekt på å designe båten med gode tekniske løysingar som skal bidra til effektiv og rask handtering av pasientar, noko som er viktig når liv og helse står på spel.
– For Rødne er det kjekt å sjå at 50 år med samarbeid med Brødrene Aa igjen kan bære frukt og resultere i ytterlegare nyvinningar, seier Lars André Rødne, dagleg leiar i Rødne Ambulanse. - Det at det i tillegg er beredskapen i vårt nærmiljø som får ny båt tilfører ein ekstra dimensjon for oss.
Bygging av båten tek til om kort tid og den skal vere klar for levering til oppstart av drifta i mai neste år.
Fakta om nybygget:
Material: Karbonfiber sandwich
Lengde: 21,9 meter
Breidde: 7,2 meter
Hovudmotor: Volvo Penta D13 – 735 kW
Reduksjonsgir: ZF 500
Framdrift vannjet: Hamilton HM461
Fart: Toppfart 35 knop, marsjfart 28 knop
Relaterte artikler
-
Rosesol – moderne ambulansebåt til Gulen
28.06.2022 -
Nok en ambulansebåt fra Maritime Partner
08.03.2022 -
To nye ambulansfartøy med wavefoil
13.08.2021 -
Byggekontrakt på sin andre ambulansebåt
05.07.2019 -
Bygger sin første ambulansebåt
19.04.2018