Nyheter
Forslag om skjerpa miljøkrav i verdsarvfjordane
Publisert: 30.10.2018
Eit nytt regelverk som skal redusera utslepp i verdsarvfjordane, blei sendt ut på høyring i vår. For å auka miljøgevinsten i verdsarvfjordane, blir det no føreslått ytterlegare innstrammingar i dette regelverket. Endringane blir sendt ut på høyring i dag, med ein høyringsfrist på seks veker.
I juni i år sendte Sjøfartsdirektoratet ut eit nytt regelverk på høyring som skal redusera utslepp og betra miljøet i Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Synnulvsfjorden og Tafjorden. Det blei mellom anna føreslått svovelkrav for heile området, strengare krav til NOx-utslepp, forbod mot kloakkutslepp, regulert bruk av eksosvaskesystem samt krav om ein miljøinstruks.
YTTERLEGARE SKJERPING
På bakgrunn av høyringsinnspela som kom inn, blir det no føreslått ei ytterlegare skjerping av krava i det nye regelverket,går det fram av ei pressemelding frå direktoratet.
– Regjeringa ønskjer å redusera utsleppa frå cruiseskip. Det vil vera eit steg i rett retning dersom det blir strengare krav til skip i verdsarvfjordane, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.
Sjøfartsdirektoratet føreslår no at drivstoff som blir brukt på skip i verdsarvfjordane, har eit maksimalt svovelinnhald på 0,10 vektprosent. I tillegg blir det føreslått eit forbod mot bruk av eksosvaskesystem i desse områda, både når det gjeld opne, lukka og hybride system.
FORBOD MOT TUNGOLJE
I praksis vil dette bety eit forbod mot bruk av tungolje i verdsarvfjordane, og at dei skipa som i dag nyttar tungolje i kombinasjon med reinsesystem, må gå over til marindiesel når dei er i verdsarvfjordane.
– Erfaring viser at reinsesystema me har i dag, gir synlege røykutslepp til luft, i tillegg til at nokre system også gir utslepp til sjø. Sjølv om ein del av den synlege røyken er vanndamp, gir den ei dårlegare oppleving av verdsarvfjordane våre, seier Bjørn Pedersen, som er avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.
Det blir også foreslått eit forbod mot forbrenning av avfall om bord skip i verdsarvfjordane, noko som også vil vera med å redusera utsleppa av synleg røyk.
SPESIELT ANSVAR
– Me har eit spesielt ansvar for å ta vare på fjordane som er oppført på Unesco si verdsarvsliste, både med tanke på miljøet og det visuelle, seier Pedersen. Det nye forslaget opnar også for innskrenka dispensasjon frå NOx-krava med frist i 2020 for skip som kan dokumentera at dei vil innfri dei strengaste NOx-krava tre år før fristen.

Relaterte artikler
-
Havila Kystruten håper på strenge miljøkrav
26.04.2024 -
Sjøfartsdirektoratet vil ta miljøsyndarar
26.09.2018 -
Skal bli like trygt på sjøen som på land
24.09.2015 -
Storkontroll av fiskefartøy
07.01.2009