Nyheter
Harding sikra storleveranse til Sleipnir
Publisert: 19.01.2016
Harding er tildelt kontraktar for ni FF1200 frittfall-livbåtar med tilhøyrande davitar på Heerema Offshore Services BV sitt halvt nedsenkbare kranfartøy Sleipnir. Fartøyet blir verdas største i sitt slag, og skal byggjast av Sembcorp Marine i Singapore.
Saman med feltsenteret til Johan Sverdrup-utbygginga i Nordsjøen, der Harding også er leverandør, er Heeremas Sleipnir eitt av berre ei handfull store, pågåande offshoreprosjekt.
– Alle snakkar om Sverdrup, men for oss er dette prosjektet like stort med like mange livbåtsystem, seier Oddgeir Mælen, regional salssjef i Harding i ei pressemelding.
– Leveransane er i hovudsak basert på offshoreteknologi, men Heerema-kontraktane gav likevel ein spesiell type utfordring. Det nye kranfartøyet vil operera globalt, så ei rekke relevante internasjonale standardar måtte takast omsyn til i valet av livredningsutstyr, forklarer Mælen.
FF1200 er ein 70-personars frittfall-livbåt som er designa etter DNV OS-E-406-standardane - dei strengaste i bransjen, med krav som langt overgår SOLAS-reglementet for frittfall-livbåtar. Livbåtane blir perfekt matcha med Harding sine davitsystem, spesialdesigna for FF1200.
Med Sleipnir-kontrakten bikkar Harding akkurat 100-merket for talet på leverte FF1200-livbåtar, og fartøy ypen har sikra seg posisjonen som favoritt i offshoreindustrien. Oddgeir Mælen meiner det er langt frå tilfeldig at Harding vart vald som leverandør til Heerema-prosjektet.
– Harding-livbåtane er industrileiande, og det er båtane våre som blir valde til dei mest krevjande prosjekta og dei klasseleiande fartøya, påpeikar han.
Relaterte artikler
-
Skal bygge ny brann- og redningsbåt
21.06.2022 -
Skal levere service til Fjord1
06.02.2019 -
Ni nye fra Norsafe
22.12.2016 -
Norsafe har fått Vard-kontrakt
21.07.2016 -
Skal bygge ny type redningsbåt til Lillesand
07.03.2016 -
Lanserer fremtidens stuplivbåt
27.08.2008