Miljøpris til Nordic wildfish

Publisert: 16.08.2016


Tildelinga fant stad på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim, heiter det i ei pressemelding frå Giske-rederiet.

– Dette er smaken av bærekraft, sa dagleg leiar Tore Roaldsnes i Nordic wildfish, medan han bydde på smaksprøve av verdifull olje utvinna om bord i frysetrålaren Molnes.

Tildelinga av Fiskeridirektoratets Miljøpris er på bakgrunn av Nordic wildfish si satsing på å utvikle og ta i bruk teknologi som bevarer villfisken sin opphavlege kvalitet, frå den halast om bord i båten til den ligg på fatet til forbrukaren. Prosjekta er støtta av miljøteknologiordninga i Innovasjon Norge.

Eit av forskings- og utviklingsprosjekta er ein miljøvennleg, effektiv og kostnadsreduserande fryseteknologi som gir forbrukarar internasjonalt tilgang til sjømat av aller høgste kvalitet – året rundt. Eit anna utviklingsprosjekt er hydrolyseprosjektet om bord i trålaren Molnes, går det fram av pressemeldinga.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler