Nyheter
Viking Sun kåra til Årets velferdsskip
Publisert: 30.10.2020
Cruiseskipet Viking Sun vann den nyoppretta prisen blant anna for måten dei tok vare på mannskapet på under koronapandemien, som inntrefte medan skipet var ute på verdsomsegling. Sjøfartsdirektoratet oppmoda sjøfolk og reiarlag om å nominera aktuelle skip til den nye prisen årets velferdsskip, og blei imponerte av nominasjonen frå Viking Sun, eit cruiseskip med 460 sjøfolk frå over 40 nasjonar, leia av kapteinane Olav Søvdsnes og Lars Juel Kjeldsen.
– Vi ønskte å finna gode rollemodellar som kunne inspirera andre fartøy og reiarlag til innsats. Vi synest at Viking Sun er ein verdig mottakar av prisen. Både på grunn av sine trivselsfremmande tiltak om bord – og for måten mannskapet blei ivaretatt då drifta av skipet blei ramma av pandemien, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad.
VERDAS LENGSTE SEILAS
Skipet hadde lagt ut på verdas lengste cruisereise og skulle innom seks kontinent, 51 land og 111 hamner i løpet av 243 dagar då jordomseglinga blei avbroten av pandemien. Cruiseskipet tek 930 passasjerar og var nesten fullt då det la ut frå London 31. august 2019. Dei fleste passasjerane hadde bestilt reise for ein kortare periode, men 54 av dei skulle vera med verda rundt.
Turen gjekk innom Bergen, Skottland, Island, Grønland, Canada, New York og Bermuda før dei sette kurs mot Puerto Rico og dei karibiske øyer. Cruiset gjekk vidare rundt Sør-Amerika, inkludert Amazonas, Kapp Horn, Magellanstredet og Robinson Cruise øya, Juan-Fernandez og så videre nordover kysten av Chile. Etter kvart gjekk turen vidare til Panama, Costa Rica, Guatemala og Mexico før dei kom til Los Angeles. Etter nokre dagar retta dei kurs mot Polynesia, Cook Island, Fiji og New Zealand før dei drog vidare til Tasmania og Australia.
– Etter besøket i Australia hadde pandemien byrja å spreia seg og det blei diskusjonar på kor og om vi skulle fortsetja seglasen, fortel kaptein Olav Søvdsnes. I takt med at pandemien utvikla seg, vart det stadig vanskelegare å få legga til kai i dei ulike hamnene. Det blei bestemt at nokre av passasjerane skulle setjast i land på Bali tidlig i mars, men at mesteparten skulle setjast av i Dubai, slik at dei kunne fly heim raskast mogleg.
– Seglasen fortsette gjennom Suezkanalen, med berre åtte kanadiarar igjen som gjester. Dei hadde heile Viking Sun som sin private yacht før dei blei sette i land på Gibraltar. Det syntest dei var heilt fantastisk, fortel Søvdsnes.
TOK VARE PÅ MANNSKAPET
Etter at alle passasjerane var i land drog cruiseskipet vidare til Portsmouth for å hente forsyningar. Her fekk også nokre frå mannskapet, som kom frå Indonesia, gå i land og reisa heim til sine kjære. I midten av mai segla dei vidare til Kristiansand med resten av mannskapet, der dei skulle dei ligga på ubestemt tid saman med søsterskipet Viking Jupiter. I midten av juli fekk dei siste av mannskapet reisa heim til sine.
– Det var utfordrande for mannskapet å ikkje veta når dei kunne reisa heim att, men dei tok vare på kvarandre og stemninga var god. Men det var mange som var redde for å at dei ikkje skulle koma seg heilt heim. Det var vanskeleg å koma seg rundt i verda når alle fly og offentleg transport hadde slutta å gå, seier Søvdsnes.
Viking Cruises sine skip har fri internettilgang til alle tilsette om bord, så det var lett for mannskapet å ha kommunikasjon med dei heime. Det blei også arrangert skype-møter med dei tilsette kvar 14 dag frå hovudkontora i Basel og Oslo, slik at alle var informerte om korleis situasjonen var til ei kvar tid.

Relaterte artikler
-
For mange ulukker til sjøs
25.09.2019 -
Fregatt-forliset har kosta 500 millionar
05.02.2019 -
Offshoreflåte i opplag får hjelp
04.11.2016 -
Kistefjell og Fløyfjell sertifisert
11.03.2011 -
Storkontroll av fiskefartøy
07.01.2009