Island Victory døypt og rett i arbeid

Publisert: 10.02.2020
image00001_dap_island_victory.jpg
Island Offshore har tatt levering av kraftpluggen Island Victory. Dei unike kapasitetane har skaffa skipet oppdrag både i Barentshavet og i Mexicogulfen dei komande månadane. Foto: Island Offshore
Island Victory er eit fartøy med mektige kapasitetar, og skal no rett i operasjon - først eit par veker i spotmarknaden, og deretter på kontrakter som potensielt går hand i hand ut oktober månad.

Island Offshore har tatt levering av det nye offshore installasjonsfartøyet, og før helga var det dåpsseremoni ved Vard Langsten.

Bygg nr. 831 vart utrusta ved Vard Brevik medan testing og klargjering er utført av Vard Langsten, og fartøyet ruvar godt i Tomrefjorden med ei breidde på 25 meter, og ei lengde på omlag 123 meter.

– Vi opplever stor interesse for nybygget, og det at Island Victory no kan gå rett på jobb og vere beskjeftiga i fleire månader bekreftar dette. Vi forventar at merksemda rundt båten berre vil auke no som vi skal ut og bevise kva kapasitetar som bur i denne kraftpluggen, seier adminstrerande direktør ved Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet.

Trekkraft på 477 tonn
Island Victory slo alle rekordar under slepeprøver i fjor haust, med ei trekkraft på 477 tonn. I tillegg til å slepe tungt kan ho også ha to heile ankersystem på dekk, noko som ytterst få andre fartøy kan vise til. Dei unike kapasitetane har skaffa skipet oppdrag både i Barentshavet og i Mexicogulfen dei komande månadane.

– Vi har sett saman eit topp mannskap som vi er sikre vil ta vare på skipet og levere ein sikker og effektiv operasjon til kundane, legg Walaunet til.

Mange bruksområder
Island Victory er av typen UT 797 CX, utvikla av Kongsberg Maritime saman med rederiet. Fartøyet har eit dekksareal på heile 1200 kvadratmeter. Skipet er mellom anna utstyrt med ei 250 tonns offshorekran, to ROV’ar og ein stor moonpool, samt eit boligkvarter som kan huse 110 personar. Dette gjer at fartøyet kan brukast både til prelegging av ankersystem, installasjon av subseautstyr på havbotnen, vedlikehald av brønnar, vanleg ankerhandtering, installasjon av offshore vindmøller samt nyttast som accomodationfartøy på felta, heiter det i ei pressemelding.

– Dette er ein dag vi har sett fram til. Det er alltid ei spesiell oppleving å ynskje nok eit blå-kvitt skip velkomen i flåten vår, seier Walaunet.

Gudmor for skipet var Ingunn Ulstein Botnen.

 

Kurt Vadset

Relaterte artikler