Nyheter
Ulstein leverer ny Viking
Publisert: 30.08.2012
Ulstein Group, Eidesvik Offshore og Subsea 7 har samarbeidd om å utvikle neste generasjons inspeksjons-, vedlikehalds- og reparasjonsfartøy (IMR) for krevjande miljø, og skipet vert bygd i samsvar med strenge og omfattande marknadsspesifikasjonar. Langtidschartrar Subsea 7, som har ein kontrakt med Statoil, ser no fram til leveringa av eit unikt fartøy, Seven Viking.
Skipet er eit ICE-C-klassa fartøy med ein mannskapskapasitet på 90, og er eigd i fellesskap av Eidesvik og Subsea 7 gjennom det nystifta selskapet Eidesvik Seven AS. Skipet skal arbeide i det barske klimaet i Nordsjøen, og skal utføre mange ulike oppgåver for Statoil, mellom anna inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar av undersjøiske oljeinstallasjonar, i tillegg til avskalingsbehandling og RFO-operasjonar.
Oppgåvene er utan tvil krevjande, og forståeleg nok, det er kunden også.
– Statoil er ein pionér og eit verdsleiande føretak, og for å kunne halde seg i front innan energisektoren, treng selskapet produkt og service i verdsklasse frå sine leverandørar, slår Stuart Fitzgerald, Vice President Norway i Subsea 7 fast.
– Spesifikasjonane for dette fartøyet er like eineståande som det miljøet det skal operere i. Statoil bad oss innfri ei rekkje strenge krav, og vi har i samarbeid med partnarane våre, Ulstein og Eidesvik, brukt all vår samla erfaring for å levere 100% etter spesifikasjonane. Innsatsen har resultert i Seven Viking – eit skip skreddarsydd for IMR-operasjonar, og som det ikkje fins maken til i marknaden.
Prototypfartøyet har den unike Ulstein X-Bow skroglinjedesignen, som gir mindre og mjukare rørsler i transitt og auka stabilitet i dei fem meter høge bølgjene som er typiske for Nordsjøen. Trass i den svært gode stabiliteten, som vanlegvis vert sett i samanheng med storleik, er denne utgåva av Ulstein sin SX148-design kompakt, med ei lengde på ‘berre’ 106,5 meter og ei breidde på 24,5 meter. Skipet si smidigheit, som vert forsterka av ei toppfart på 16 knop, gjer at Seven Viking lett kan manøvrere i tronge rom, slik som mellom plattformer, og kome til i vanskeleg tilgjengelege område.
Sjølv om storleiken er avgrensa, så har skipet stor kapasitet til å frakte både mannskap og ei mengde subseautstyr takka vere ei smart utforming som gir maksimalt skrogvolum der utstyret er integrert i ein stor hangar.
– Det har ein optimalisert design for dei oppgåvene det skal utføre, seier Fitzgerald. – Fartøyet har kapasitet til å frakte alt naudsynt vedlikehaldsutstyr, noko som gjer at det kan møte ei kvar utfordring og operere kontinuerleg, med minimal nedetid. I tillegg har fartøyet ein separat boligdel plassert i avstand frå arbeidsområda om bord for å sikre at mannskapet kan kvile mest mogleg uforstyrra. Vi meiner at vi har skapt eit moderne, effektivt og komfortabelt arbeidsmiljø, noko som sjølvsagt bidreg til den operasjonelle tryggleiken om bord.
HMS (helse, miljø og sikkerheit) har vore eit anna hovudfokus i prosjektet, i følgje Vidar Øvstedal, offshoresjef i Subsea 7: – Dei aller beste løysingane har vorte utvikla for å sikre trygge og effektive operasjonar, inklusiv eit skreddarsydd modulhandteringssystem (MHS) som er integrert i skipet sin hangar for sikker utsetjing og opphenting av undervassmodular med ei vekt på opptil 70 tonn, seier han, og held fram: – Samarbeid og kommunikasjon er særs viktig under krevjande forhold, og vi har difor samla alt operasjonsmannskap i eitt område direkte over hangaren, og store vindauge i kontrollromet gir full oversikt over arbeidsareala om bord. Skipet er også utvikla med tanke på å møte dei strengaste krava til arbeidsmiljø, og har komfortklassen COMF-V (3) med lave støy- og vibrasjonsnivå.
– Gjennom å velje elektriske vinsjar til mellom anna ROV, MHS og hjelpeutstyr, har vi oppnådd eit lavast mogleg støynivå i hangaren. Vidare vil det bli installert persontransportkorger og utstyrskraner i hangaren for å minimere arbeid i høgda og manuell handtering av utstyr. Skipet sitt høge fribord gir også auka tryggleik for dekksmannskapet, fortel Øvstedal.
Han legg til at miljøomsyn har vore viktig i utviklinga av skipet, som ber klassenotasjonen Clean Design. Miljøtiltak omfattar blant anna dieselelektrisk framdrift, som reduserer utslepp til atmosfæren, og elektriske vinsjar som gir nullutslepp av hydraulikkolje. Så sjølv om Seven Viking skal kjempe i Nordsjøen, vil det ikkje gjere skade på den.
Fitzgerald er ivrig både når det gjeld fartøyet og arbeidsforholdet mellom dei tre partane og kunden, som han meiner har gjort at dei både saman og kvar for seg har heva seg til nye høgder. – Seven Viking er eit fartøy med makelaus teknisk og operasjonell kapasitet innan sitt område, seier han entusiastisk.
– Vi har arbeidd saman for å finne skreddarsydde løysingar i tråd med kunden sine strenge krav, og med dette skipet tek utviklinga innan IMR-fartøy eit stort steg framover. Slik er det når dei beste jobbar saman dei beste – då blir utfordringar til mulegheiter, og du ser kva du faktisk kan oppnå, avsluttar Fitzgerald.
Desember 2012, som er leveringsmånad for skipet, vil markere byrjinga på ei ny Viking-tid i den stormfulle Nordsjøen.
Relaterte artikler
-
Årets skip 2013 – Seven Viking
04.06.2013 -
Avansert IMR-fartøy på langtidskontrakt
15.02.2013 -
Seven Viking klar for Nordsjøen
30.01.2013 -
Storkontrakt til Ulstein Verft
11.02.2011 -
Skandi Seven - topp kvalitet
30.10.2008 -
Subsea 7 bestiller nytt skip
05.05.2008