Nyheter
Beste siden 1999 for Ulsteinkonsernet
Ulsteinkonsernet leverer eit svært godt resultat for fjoråret. Dei førebelse tala tyder på at konsernet hadde ein omsetnad på heile 3,21 milliardar kroner og eit driftsresultat på 364,4 millionar kroner i 2008. Fjorårsresultatet vert det beste frå Ulsteinkonsernet etter 1999.
- Det er eit lyspunkt å kunne presentere positive resultat i ei tid som er så økonomisk dyster for dei fleste. Nytenking og hardt arbeid vil vere ein del av Ulsteinkonsernet også i åra som kjem, men vi må være realistiske å innsjå at det kan bli tøft framover, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteinkonsernet.
- Våre ambisjonar er heilt klare. Vi har bak oss fleire år med gode resultat, noko som gjer at vi kan halde fram med å bygge eit robust konsern. Vi må også sjå etter muligheiter i tida som ligg føre oss. Våre mål er å utvikle fleire produkt og tenester som er i toppklasse internasjonalt, slik at vi er klare når marknaden snur og finanskrisa er over, seier Gunvor Ulstein.
Ved utgangen av 2008 var ordreboka på 5,5 milliardar kroner i Ulsteinkonsernet.
Ulsteinkonsernet sine førebelse hovudtal for 2008:
Driftsinntekter: 3,21 milliardar kroner (2007: 1,97 mrd kr)
Driftsresultat: 364,4 millionar kroner (2007: 193,7 mill kr)
Ordinært resultat før skatt: 431,1 millionar (2007: 240,8 mill kr)
Relaterte artikler
- 
                                                            Høg aktivitet for Ulstein i 202404.07.2025
- 
    
- 
                                                            Ulstein med gode tal for 202324.06.2024
- 
    
- 
                                                            Ulstein Groups resultat påverka av pandemien23.06.2023
- 
                                                            Solid resultat for Myklebust Verft22.04.2020
- 
                                                            Fiskerstrand fornøyd med 201831.07.2019
- 
                                                            Godt resultat for Ulstein Group13.05.2015
- 
                                                            Rekordomsetning for Island Offshore09.03.2015
- 
                                                            Solid overskot for Kleven02.05.2014
- 
                                                            Solide tal for Ulstein29.04.2014
- 
                                                            Gode tal for Ulstein25.04.2013
- 
                                                            Rekordresultat for Kleven22.04.2013
- 
                                                            Solide tal og bonus ved Ulstein24.05.2012
- 
                                                            Bonus til alle tilsette i Ulstein Group27.05.2011
- 
                                                            Kjemperesultat frå Ulstein Group12.03.2010
- 
                                                            Tilsette i Ulsteinkonsernet får årsbonus18.04.2008
