Nyheter
Solide tal og bonus ved Ulstein
                                            Publisert: 24.05.2012
                                        
                                    Ulstein Group leverer solide tal for 2011. Konsernet hadde ei omsetning på 2,1 milliardar kroner og eit driftsresultat på 254 millionar kroner. – Vi har dyktige medarbeidarar og ein organisasjon med god gjennomføringsevne og leveringspresisjon. Vi samarbeider godt med kundar og leverandørar, noko som gjer at vi kan komme opp med gode løysingar. Resultatet gjer oss i stand til å utvikle oss vidare, slik at vi kan møte den stadig tøffare konkurransen i marknaden, seier konsernsjef Gunvor Ulstein. Høg kompetanse, solid erfaring og fokus på prosjektstyring gjer det mogleg å levere skip og utstyrspakkar på tid til avtalt kvalitet og pris.
– Kostnadseffektive og pålitelege løysingar gjer oss konkurransedyktige i den internasjonale marknaden for design og bygging av avanserte offshorefartøy, seier Ulstein. Ulstein satsar langsiktig på innovasjon, og det siste året har Ulstein investert om lag 160 millionar kroner i forsking og utvikling.
Gunvor Ulstein understrekar at Ulstein skal fortsette å vere ein pådrivar for innovasjon og nyskaping: – Innovasjon er svært viktig for den vidare utviklinga av Ulstein sine produkt og tenester. Gjennom godt samarbeid internt og med andre maritime aktørar skal vi halde fram med å skape nye og forbetra løysingar som gir meirverdi til kundane våre, seier Ulstein.
Det blir også i år utbetalt bonus til tilsette i Ulstein. Bonusen består av ein områdedel og ein konserndel. Bonusen blir på mellom ei og tre vekelønner per tilsett i dei norske selskapa. – Vi har ein arbeidsstyrke som står på for at vi skal levere kvalitet og konkurransedyktige løysingar til kundane våre og oppnå måla vi har satt oss, avsluttar konsernsjefen. Ved utgangen av 2011 var ordreboka på 2,3 milliardar kroner i Ulstein Group.
Ulstein Group sine hovudtal for 2011:
Driftsinntekter: 2,06 milliardar kroner (2010: 2,38 mrd. kr)
Driftsresultat: 253,72 millionar kroner (2010: 353,98 mill. kr)
Ordinært resultat før skatt: 270,3 millionar kroner (2010: 367,87 mill. kr)
Relaterte artikler
- 
                                                            Høg aktivitet for Ulstein i 202404.07.2025
- 
    
- 
                                                            Ulstein med gode tal for 202324.06.2024
- 
    
- 
                                                            USV AS bestiller første ubemannede fartøy18.07.2023
- 
                                                            Ulstein Groups resultat påverka av pandemien23.06.2023
- 
                                                            Solid resultat for Myklebust Verft22.04.2020
- 
                                                            Fiskerstrand fornøyd med 201831.07.2019
- 
                                                            Svakare inntening trass rekordomsetning26.06.2015
- 
                                                            Godt resultat for Ulstein Group13.05.2015
- 
                                                            Avtaler for nybygg frå Ulstein18.11.2014
- 
                                                            Solid overskot for Kleven02.05.2014
- 
                                                            Solide tal for Ulstein29.04.2014
- 
                                                            Gode tal for Ulstein25.04.2013
- 
                                                            Rekordresultat for Kleven22.04.2013
- 
                                                            Gjennombrudd i Singapore for Ulstein08.11.2012
- 
                                                            Knallresultat og bonuser ved Kleven07.05.2012
- 
                                                            Bonus til alle tilsette i Ulstein Group27.05.2011
- 
                                                            Kjemperesultat frå Ulstein Group12.03.2010
- 
                                                            Tap for Sunde og Color Line01.04.2009
- 
                                                            Skuta er lekk09.03.2009
- 
                                                            Beste siden 1999 for Ulsteinkonsernet27.02.2009
- 
                                                            Ulstein satsar på nytt selskap06.11.2008
- 
                                                            Overskudd for Havyardgruppen i 200710.06.2008
- 
                                                            Godt resultat for Fosen Yards30.04.2008
- 
                                                            Tilsette i Ulsteinkonsernet får årsbonus18.04.2008
- 
                                                            Ulstein kjøper Sea of Solutions05.03.2008
