Harding-utstyr til Hurtigruten

Publisert: 21.12.2016
I sterk konkurranse vann Harding den prestisjetunge kontrakten på å levere livredningsutstyret til Roald Amundsen og Fridtjof Nansen, ekspedisjonsskipa som Hurtigruten skal bygge hos Kleven verft.

Utstyrspakken frå Harding til kvart av skipa består av to livbåtar med tilhøyrande davitar, to tenderbåtar med tilhøyrande davitar, to hurtiggåande mann over bord-båtar (MOB) med davitar, samt ferdigstilling og igangsetting av systema om bord.  Kvar livbåt har kapasitet til 150 personar. Kvar tenderbåt har ein kapasitet på 120 personar når han går i skytteltrafikk med cruisepassasjerar, og 150 personar om han må nyttast som livbåt. Alt utstyret frå Harding vil bli levert i Hurtigruten sin fargar, for å gli best mogleg inn på skipa.

– Kontrakten viser til fulle at Harding er ein aktør som verftet og sluttkunden Hurtigruten har tillit til, og at vi er i stand til å levere trygge og konkurransedyktige produkt og servicetenester til eit skip som skal operere i tøffe farvatn. At både Kleven og Hurtigruten er tilbakevendande kundar hos oss, gjer avtalen ekstra hyggeleg. Hurtigruten har i dag våre livbåtar på dei fleste av skipa sine, og vi har også levert livbåtar til dei fleste av nybygga til Kleven dei siste åra, fortel Bjørn Sturle Hillestad, global sals- og marknadsføringssjef i Harding i ei pressemelding.

Harding håper på at dei skal få levere til ytterlegare to fartøy til Hurgigruten, som Kleven har ein intensjonsavtale på.

Dei nye hurtigruteskipa blir dei første ekspedisjonsskipa i verda med hybridframdrift, noko som gir drivstoffinnsparingar og miljøvinstar, og gjer det mogleg å segle heilelektrisk i kortare intervall på ruter til Svalbard, Antarktis, Norskekysten og andre eksotiske reisemål.

– Tryggleiken, både for våre gjester og mannskap, står i sentrum for alt vi gjer. Vi har eit langt og godt samarbeid med Harding som leverandør både langs norskekysten og til ekspedisjonsskipa våre ute i verda, og vi gler oss til å fortsette det når vi no introduserer dei første hybriddrivne ekspedisjonsskipa i verda, seier Rune Thomas Ege, kommunikasjonssjef i Hurtigruten.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler